Annonse
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
15 juli 2024 09:31
Del på Facebook
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Spørsmål til samferdselsministeren: «Kan samferdselsministeren leggje fram løyve eller kva oppdragsbrev Statens vegvesen region midt har fått for å kunne fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på Møreaksen, gjennom reguleringsplanarbeide for eit prosjekt som ikkje ligg prioritert inne i NTP sine neste 12 år, og kan samferdselsministeren forklare Statens vegvesen region midt sin illojalitet overfor politisk behandlingar og overfor Stortinget når dei ikkje har respekt for at Møreaksen er fjerna frå NTP?»

I lengre tid har vi her i Møre og Romsdal opplevd eit illojalt Statens vegvesen region midt, som har brukt absolutt alle planleggingsmidlar og ressursane i Statens vegvesen region midt på galskapens prosjekt Møreaksen.

Annonse
Annonse

Her i Møre og Romsdal er det no kun Helge Orten og resten av Høgre som fortsatt prioriterte Møreaksen i sitt framlegg til ny NTP. At fylkesleiar i Høgre Monica Molvær frå Ålesund kan stille seg bak dette, er for meg ubegripeleg.

Snart ein halv milliard kr er forbrukt på dette prosjektet. Stortinget har no etter framlegg frå regjeringa tatt til vettet og fjerna Møreaksen heilt ut av Nasjonale transportplan dei neste 12 åra som nyleg var til behandling i Stortinget.

Frå før har Statens vegvesen framvist null respekt for politiske vedtak, null respekt for prioriteringar i meir enn 30 år her i fylket, eller for dei ulike NTP behandlingane i Stortinget.

Møreaksen har ALDRI vore prioritert på topp i Møre og Romsdal.

E136 frå Ålesund til Bjorli, har vore prioritert på topp i Møre og Romsdal i meir enn 30 år.

Statens vegvesens har neglisjert dette og forbrukt alle planleggingsressursane på Møreaksen istaden.

Annonse
Annonse

Likeså «dødsvegen» nr. 2 her i landet E39 Solevågseidet–Veibust-Blindheim til Moa, har Statens vegvesen også nedprioritert, sjølv om dette er ein av landets verste ulykkesstrekningar med mange dødsulykker berre dei siste åra.

No har Stortinget igjen talt og Møreaksen er denne gongen fjerna heilt ute av NTP sin neste12 årsperiode.

Likevel opplever vi at Statens vegvesen ikkje bryr seg om politiske vedtak eller forholder seg til ny NTP med eit kommma, dei bestemmer sjølve som ein stat i staten og skal fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på reguleringsarbeidet for Møreaksen.

I Romsdals budstikke står følgjande:

«Kommunen og vegvesenet er i gang med en regulering for området Grandfjæra vest. Planleggingen gjøres selv om Møreaksen lar vente på seg, Om Møreaksen lar vente på seg, så ønsker likevel vegvesenet å regulere ferdig, og hvis steinmassene kommer vil vi være forberedt.»

Ingen har gjeve Statens vegvesen løyve til å bruke ei kr meir på Møreaksen som ligger utanfor NTP dei neste 12 åra. Møreaksen er ute av NTP dei neste 12 åra og ein reguleringsplan gjeld i 10 år, er det mulig å fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på ein slik måte?

Har ikkje Statens vegvesen mengder med andre reguleringsplanar og gjerermål som faktisk er priroiterte oppgåver?

Det er kun prosjekt som ligg inne i NTP perioden som skal planleggjast og som kan brukast pengar på etter oppdragsbrev frå Statsråden og departementet.

Det må vere grovt illojalt av Statens vegvesen region midt å forsøke å bruke ei kr meir på Møreaksen, når der står mengder med andre prosjekt som både ligg i fyrste 6 årsperioden av NTP og i planen vidare, og andre prioriterte gjeremål og oppgåver.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasJa, då er nok bekymringa i KS2 rapporten for Kjerringsundet legitim. Er Aukra kommune kredittverdig i 35 år etter eventuell ...
Arne Almaas 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøHvis vi legger til de ekstra ressursene som angitt:30 milliarder m³ gass tilsvarer 29,55 millioner Sm³ o.e.50 milliarder m³ gass ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasDu kan regne du også: Ormen Lange Fase 3 åpner for at feltet kan øke gassproduksjonen med 30-50 milliarder kubikkmeter ...
Arne Almaas 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDet er ikke mitt lodd i livet å finne ny gass for det britiske markedet. Jeg belyser fakta tatt fra ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu har definitivt ikkje studert massedisponeringa i dokumenta som SVV har lagt fram. 
Terje Sundsbø 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasHvor stor andel av Storbritannia sine årlige gassbehov dekker Nyhamna? Med en levetid på bare vel 4 år, hvor skal ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse