Annonse

Rotlaus Rotlaus

Helsepolitisk talsperson for Sp Kjersti Toppe under helsedebatt under Arendalsuka om sykehusøkonomi og framtida for sykehusene våre. Hadde vi ikke verdens beste helsevesen? Eller kaster vi bort den muligheten? Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
Helsepolitisk talsperson for Sp Kjersti Toppe under helsedebatt under Arendalsuka om sykehusøkonomi og framtida for sykehusene våre. Hadde vi ikke verdens beste helsevesen? Eller kaster vi bort den muligheten? Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Av Kjersti Toppe, Helsepolitisk talsperson, Stortingsrepresentant Senterpartiet.

Administrerande direktør  Espen Remme har tilrådd styret i Helse  Møre og Romsdal å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde til ei avdeling ved sjukehuset i Molde. Ved å  samle fødeavdelingane vil ein i følgje direktøren auke kvaliteten i tilbodet og styrke pasienttryggleiken. Fødande som får lengre reiseveg til sjukehus skal sikrast ei god oppfølging og løysingar slik at tryggleiken blir ivaretatt, heiter det.

Vel, ingen må komme å fortelje folk at det skal bli mykje tryggare å føde berre reiseavstanden blir lengre. Dette  gir fødande på Smøla tre timar reiseveg ved fødsel. Med det risikobilete Nordmøre har allereie i dag, er det heilt uakseptabelt at føretaket vil gi desse kvinnene enno lengre reiseveg ved fødsel og enno større risiko for å føde under transport. Ein gamblar ikkje med fødsel, og oppfølging  for kvinner som ikkje når fram, er det lita trøyst i.

For Senterpartiet er denne saka heilt klar. Vi aksepterer ikkje ei nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund, og meiner det er heilt feil å skulde på kvalitet og pasienttryggleik. Dette blir gjort utelukkande for å spare pengar.

Senterpartiet har fremma forslag for stortinget om saka. Uavhengig av kva styret i Helse Møre og Romsdal vel å vedta, er det helseminister Høie som må godkjenne nedlegging av fødeavdeling. Då er det på sin plass for Stortinget å styre Høie og regjeringa, og be regjeringa stoppe dette forslaget. Senterpartiet kjem til å føreslå å sikre fødeavdelinga i Kristiansund, i tillegg til døgnplassar ved Sjøholt og rehabiliteringstilboda ved  Aure og Mork.

Helse- og omsorgskomiteen skal ha innstilling i saka klar 7.mai. Då vil Sylvi Listhaug og andre folkevalde frå Møre og Romsdal få muligheit til å  verkeleg vise kva dei står for i saka.  Det er Stortinget som er øvste ansvarlig for sjukehustilbodet i landet.  Det nyttar ikkje å gøyme seg bak helseføretaka. Sjukehus er eit 100 prosent offentleg finansiert velferdstilbod, som folkevalde må stå til ansvar for. Eit tverrpolitisk mål for sjukehuspolitikken er å gi likeverdige helsetenester til alle, uansett bakgrunn og kor ein bur i landet.

Nedlegging av fødetilbod, psykiatriske sengeplassar og rehabilitering bidreg til det motsette. At finansiering av nytt sjukehus skal få slike konsekvensar, kan ein ikkje tillate. Akkurat det, synes det ikkje som om  helseminister Høie forstår. Difor må Stortinget ta ansvar, og setje foten ned for uakseptable kutt som  vil føre til utryggheit og svekka helsetilbod for pasientar og innbyggjarar i Møre og Romsdal. 

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte