Annonse
Annonse
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.

«Ja, det skal bli ei sann fryd å få oppleve, dersom Nye veier AS får ansvaret for utbygging av E-39 frå Ålesund til Molde»

Det vil verte ei sann fryd, når vi alle slepper å måtte lese side opp og side ned, der til dømes Møreaksen AS og Espeland framstår som den einaste sanninga over alt og alle.

Det vil verte ei sann fryd, å få alle vegprosjekt frå Ålesund til Molde, og kryssing av Romsdalsfjorden, milevis vekk frå Statens vegvesen, lobbyistane, og sjølvoppnevnte såkalla regionråd.

Det vil verte ei sann fryd, å kunne få oppleve at vegprosjekt vert reelt billigare. Ikkje slik som idag med Statens vegvesen, der det som oftast vert betydeleg dyrare enn framlagte overoptimistiske kostnadsanslag.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne få vurdert alle mulige byggemetodar, teknologiar, og der gåande, sykklande og miljøet også vert teke hensyn til.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne få gjennomført utgreiingar av både flytebruer, og andre traseer slik som til dømes Romsdalsaksen.

Der skal bli ei sann fryd, å kunne få oppleve at strekninga Ålesund-Molde, vert bygd ut til det beste for næringslivet, transportnæringa og for folk flest.

Det skal bli ei sann fryd, å kunne oppleve at kommunane og fylket kan spare mykje pengar, som i dag vert rota vekk i sjølvoppnevnte regionråd, vegselskap og til lobbyverksemd.

Det skal verkeleg bli ei sann fryd, å kunne nytte Nye vegar AS også her i fylke, noko Møre og Romsdal FrP har kjempa for lenge, og som vi reknar med kjem på plass så raskt som råd.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Webkamera Kristiansund

Våre utvalgte