Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
27 mars 2019 10:58
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det må vere fasiten, etter det Falk Daniel Øveraas frå Høgre framfører i eit innlegg, der miljøkampen blant ungdom er så viktig.

«Dersom klimakampen blant ungdom verkeleg er så viktig i Høgre, kvifor i alle dagar støttar Øveraas sitt Høgre her i fylket fortsatt giftdeponi på Raudsand»?

«Dersom klimakampen blant ungdom verkeleg er så viktig i Høgre, kvifor i alle dagar støttar Øveraas sitt Høgre her i fylket, utbygging av ein undersjøisk tunell på 16 km, 400 m under sjøen på Møreaksen»?

Den gigantundersjøiske tunellen på Møreaksen, medfører eit CO2 utslepp for 240 vogntog, med heile 2232 tonn utslepp. Med veg i dagen på flytebru, er utsleppet 517 tonn utslepp, og med nullutslippsferjer over fjorden 0 utslepp.

Med dette som soleklart grunnlag, burde definitivt Falk Daniel Øveraas i Høgre og alle andre ungdommar her i fylket, forlange at klimamålet i regjeringserklæringa vert fulgt opp, og flytebruer eller nullutslippsferjer vert valgt i framtida. Dette framfor forureinanande klimaverstingar slik som undersjøiske tunellar faktisk er.

Enda verre vert det når det einaste partiet her i fylket er Høgre, som støttar fortsatt giftdeponi på Rausand. «Dette står i grell kontrast til unge Høgre og Falk Daniel Øveraas , sin rørande klimafokus»

Heldigvis klubba vår statsminister ned unge Høgre i sitt eige landsmøte, forslaget om forbud mot diesel og bensinbiler frå 2025.  – flott at Høgre har Erna!

Så registrerer vi i FrP her i fylket, Høgre sin iver etter å stemme ilag med AP i sak etter sak, samt leggje «forsvarande handa» over AP representantar som ikkje klarar å forsvare seg sjølve.

Eg oppfattar innlegget frå Falk Daniel Øveraas frå Høgre slik, «at er ein ung kan ein seie det ein vil, medan «voksne» ikkje såleis kan svare». Det er nok denne taktikken som er forsøkt her, og tydeligvis garantert med godkjennelse frå fylkesleiinga i Høgre. Vi er nok vande med ei «belærende tone» frå Høgre, det er ikkje noko nytt.

Så får Falk Daniel Øveraas i Høgre, berre fortsette å hamre laus på underteikna og FrP. Eg ser forresten at FrP opptek den karen her også i andre samanhengar.

Dette får vi berre leve med framover i valgkampen, og «kva skal ein med fiendar, når ein har slike vennar»

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse