Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
23 april 2019 13:23
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mange lurer på dette, og er sjølvsagt bekymra over at denne svært lange og djupe undersjøiske tunellen vert planlagt.

No er det lagt opp til to adskilte løp med rømningsveg imellom, så dette skal vere ei trygg løysing ifølge STVV. Men kva skjer med vår E-39 nord/sør i fylket etter fyrste ulykka, eller ved ein brann?

Vi får håpe det går bra og ingen vert skadd, men tunellen vil verte stengt i lang tid. «Vil ein då setje trafikken på det løpet som er uskadd, og opprettholde trafikken nord/sør i fylket på E-39»?

Ja det er det store spørsmålet, for då er nemleg heile sikkerheita med rømningsveg vekk, og ein brann i denne tunellen kan då verte ei katastrofe!

Når vi ser Ålesundstunellane, så er dei stengde i tide og utide, og dette må ein også forvente ved ein slik giganttunell 16 km og djupt under fjorden. Er næringslivet i fylket tjent med eit samband og ei kryssing av Romsdalsfjorden som ein aldri heilt vil kunne vite når er open?

Korleis i alle dagar tenkjer Gunnvor Ulstein og resten av næringslivstoppane som hardnakka støttar opp om denne gamle miljøfiendtlige teknologien som ein slik tunell faktisk er? «I deira eige virke, er dei av verdas fremste på å kunne utvikle ny teknologi, miljøvennlig og framtidsretta, men ang kryssinga av Romsdalsfjorden går dei mildt sagt ikkje berre baklengs inn i framtida, men dei motarbeidar nærmast framtida».

Kvifor både dei og andre såkalla Møreaksenforkjemparar er så eitrandes håplause til å kunne vurdere og utgreie flytebruer er for meg og andre meir som ei stor gåte. Frå dag ein har både Møreaksen AS og STVV gjort minst mulig, for å utgreie skikkeleg verken Sekkfastalternativet eller flytebruer, og dei har forsøkt å gøyme seg bak at dette ikkje var teknologisk mogeleg.

No gøymer dei seg bak eit eller anna uforståeleg, og stikk i strid med storparten av befolkninga her i fylket. Dette her minner om same framgangsmåten som Helse Møre og Romsdal har bedrive med den siste tida, nemleg å nekte å høyre på innbyggjarane. «Dei måtte til slutt gje seg i HMR, noko eg verkeleg håpar at Møreaksen AS, STVV og co også må gjere i denne saka»

Møre og Romsdal FrP har vedteke på sitt årsmøte at det skal utgreiast flytebruer både på Møreaksen og Romsdalsaksen. Vi har heldigvis med oss våre Stortingsrepresentantar på dette, og vi kjem til å kjempe med «nebb og klør» for at dette vert lagt inn som bestilling til neste rullering av NTP i 2020/21.

Eg håpar folket vinn i denne saka også, slik at vi slepp ein tunell på 16 km ned på snart 400 m djupne – uansett om den er trygg eller om den er ei brannfelle.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse