Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim, gruppeleiar for SP i fylkestinget
Ytring
Kristin Sørheim, gruppeleiar for SP i fylkestinget
21 juli 2019 21:32
Del på Facebook
Kristin Sørheim, førstekandidat Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, førstekandidat Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det skal ein sterk rygg til å bere fram ein bodskap om at temperaturendringane vi opplever på kloden ikkje er menneskeskapte, når så godt som all forsking viser det motsette. Det er eit stort ansvar å kalle det klimahysteri når både unge og gamle ber om politisk handling for at framtidige generasjonar skal kunne overleve. I dette spørsmålet er vi i SP djupt usamde med FrP.

Eg trur det er viktig å gere så godt vi kan lokalt, regionalt og nasjonalt, for å bidra til å nå Parisavtalen sine mål og avgrense oppvarminga til under 2 grader samanlikna med førindustriell tid. Likeeins å sikre naturverdiar og biologisk mangfald som er avgjerande for framtidig liv på kloden. Eg trur det hastar og eg trur vi må finne oss i nokre upopulære tiltak. Og at vi må jakte på dei løysingane som betyr mest, og vi må fordele byrdene mest mogleg rettferdig både nasjonalt og globalt. Rike land som Norge må ta sitt ansvar både heime og ute.

Ved dette kommune- og fylkestingsvalet kan ein alltids konkurrere om å vedta klimakrise – men det er jakta på løysingane som betyr noko. Så i SP vil vi ikkje skrote bypakkane, men sjå om vi kan få bygd ut kollektivtiltaka ved å sleppe bussen raskare fram og auke tilbodet. Vi vil halde fram med å arbeide for 0-utsleppsløysingar for ferje, båt, bussar og bilar, med å planlegge og bygge ut infrastruktur for elektrisitet, biodrivstoff og hydrogen. Vi vil arbeide for meir bruk av fornybar energi og vi vil definitivt auke skogplanting og beitebruk. Det er både billeg og effektiv CO2-binding og lagring. Men vi forventar at Regjeringa stiller opp og er med og finansierer omstillinga i samfunnet på ein heilt annan måte enn det vi har sett så langt. Statsministeren skryter av ENOVA-satsinga som berebjelken i omstillinga til det grøne skiftet. Viss ho ikkje har fått det med seg: For ferjedrifta i Møre og Romsdal utgjer ENOVA-støtta ca 0,2 mrd kr av totalt 1,7 mrd som vi må investere i ferjekaier og ladestraum i tidsrommet 2018-2027. Resten må betalast av innbyggjarane og fylket, dvs det går hardt ut over andre viktige tiltak i fylket vårt.

Dette blir for dårleg både når det gjeld miljøpolitikk, distriktspolitikk og fordelingspolitikk. Vårt fylke produserer og leverer varer og energi som kjem heile landet til gode, vi er det nest største eksportfylket – utan at vi har rekna inn verdiskapinga offshore. Da er det urimeleg at innbyggjarar og næringsliv nesten åleine må stå for kostnaden med omstillinga. Ein større del av statens inntekter frå olje- og gassektoren må dei neste åra brukast til å finansiere omstilling til fornybarsamfunnet og til å fordele byrdene meir likt mellom folk og mellom distrikt og til å utvikle ny teknologi, nye produkt, nye arbeidsplassar.


Kristin Sørheim
Gruppeleiar for SP i fylkestinget

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDen formelle prosessen som skal lede fram til løyving?
Terje Sundsbø 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEt nytt stortingsflertall, med nye årlige statsbudsjett.
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøOg då blir den formelle prosessen?
Terje Sundsbø 16 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrI september er det igjen Stortingsvalg.
Geir Ole Sætremyr 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDemokratiet på Stortinget har gjennom prosessar, inkludert innspel fro SVV,  landa på eit fleirtalsvedtak på ny NTP. 
Terje Sundsbø 22 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrMeningsmålingene viser at folket ønsker å reise fergefritt. Demokratiet har valgt Møreaksen som trasé for fergefri kryssing over Romsdalsfjorden på ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse