Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
22 oktober 2019 12:26
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.


Det er absolutt ingen grunn for FrP her i fylket, å støtte opp om fortsatt regjeringsdeltakelse, med ein statsråd frå Høgre, som fortsatt stikk haudet i sanden ang sjukehussituasjonen her i fylket.

Er det rart at Høgre her i fylket er pikkandes stille ang sjukehussituasjonen?

Kven styrer Høgre i Møre og Romsdal? - Vanskeleg spørsmål, nei langt ifrå!

Ein skal leite lenge både sør og nord i fylket for å finne lojalitet og støtte til eit Helse midt Norge som rett og slett er iferd med å rive Møre og Romsdal i fillebitar. Når vi no ser kuttliste til Kvernmo, forstår dei fleste at dette klart og tydeleg er krise for våre sjukehustjenester i heile fylket, og overhode ikkje er bærekraftig. 

Vi opplever at dette som skjer no med kutt av dagens drift i våre sjukehus med 85 million kr, er kutt i ein driftssituasjonen som frå før er sterkt pressa.

Med 1,9 milliard kr i utviklingsbehov for Ålesund sjukehus, der Kvernmo klarar å leite fram «lommerusk» med nokre hundre mill kr dei neste tiåra, fører i realiteten til at Helse Midt Norge er EXIT! 

  • EXIT fordi Helse Midt Norge med Helseminister Høie si velsignelse, set der med enorme summar på bok, og ei aldeles greinalaus skeivfordeling av midlane internt i helseregionen.
  • EXIT fordi tilliten til Helseforetak er så hinsides på minussida her i vårt fylket, med bakgrunn i kaoset som har pågått ang økonomi, og mangel på dette i så lang tid.
  • EXIT fordi Statsrådar i ulike regjeringar og som dessverre vert vidareført no, rett og slett har mangla handlekraft til å gjennomføre eigen politikk som faktisk er å leggje ned desse aldeles greinalause helseføretaka.
  • EXIT fordi alle som forstår eit snev av politikk, forstår at ein ikkje kan bygge eit nytt sjukehus på Hjelset i Molde til 4-5 milliard kr, «samtidig som sjukehusa og drifta av desse blir nedbygd og radbrekt i resten av fylket.
  • EXIT blir det også for Statsråd Høie og vår regjering, dersom det no ikkje blir rydda opp, og sørga for ein forsvarleg økonomi i Helse Møre og Romsdal.
  • EXIT blir det no for Helse Midt Norge, fordi heile Sunnmøre ikkje kan sete og berre sjå på at sjukehusa i Ålesund og Volda blir nedbygd, Sunnmøre går derfor garantert då til Vestlandet.
  • EXIT fordi ein ikkje finn ein Nordmøring som finn seg i det som skjer, og spetakkelet mot Molde kjem neppe til å roe seg ned. Risikoen er derfor betydeleg for at Nordmøre går til Trøndelag.
  • EXIT fordi Molderegionen overhode ikkje har magemål, nytt sjukehus skal vi bygge, men vi har eit kjent ordtak som heiter «mykje vil ha meir» !

Rausheit overfor resten av fylket i fordeling av statlige og fylkeskommunale arbeidsplassar, vert heilt nødvendig i framtida. Helse Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylke som eigen region, overlever overhode ikkje ved å gjennomføre Kvernmo sine kutt og radbrekking av sjukehustjenestene til befolkninga her i fylket. 

Møre og Romsdal FrP krev Statsråd Høie på banen, no nyttar det ikkje lenger å oppføre seg som strutsen og stikke haudet i sanden.

Handling må til, og det må vere noko anna enn den radbrekkinga av sjukehusa her i fylket som vi dessverre er vitner til no.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse