Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim (SP) Per Vidar Kjølmoen (AP)
Ytring
Kristin Sørheim (SP) Per Vidar Kjølmoen (AP)
02 februar 2020 19:55
Del på Facebook
500 000 kroner frå fylkesutvalet sin eigen konto er ei lita utgift for å undersøke et prosjekt med stort potensiale. Så dårleg står det ikkje til med økonomien til Møre og Romsdal fylke at vi treng å nullstille alt utviklingsarbeid., skriver Kristin Sørheim (SP) Per Vidar Kjølmoen (AP) i dette innlegget.
500 000 kroner frå fylkesutvalet sin eigen konto er ei lita utgift for å undersøke et prosjekt med stort potensiale. Så dårleg står det ikkje til med økonomien til Møre og Romsdal fylke at vi treng å nullstille alt utviklingsarbeid., skriver Kristin Sørheim (SP) Per Vidar Kjølmoen (AP) i dette innlegget.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

All samfunnsutvikling kan ikkje stoppe opp sjølv om den fylkeskommunale økonomien er krevjande. Difor må ferjeforbindelsen mellom Aura og Hitra utgreiast vidare.

Ei ny ferjeforbindelse mellom Aure og Hitra vil vere eit særdeles nyttig samferdselstiltak i regionen. Trafikantane vil få kortare og raskare tilknyting mellom kommunane Aure, Hitra, Frøya, Hemne, Smøla og Kristiansund. Det vil styrke bu- og arbeidsmarknads-regionen og konkurransekrafta til næringslivet. For dei reisande vil det bety spart reisetid og sparte reisekostnadar. Redusert trafikk på vegane er også venta å føre til færre ulykker på vegen.

Eit ferjesamband mellom Kjørsvikbugen og Laksåvika vil ha ei overfartstid på mellom 20 og 25 minutt. Ferjesambandet vil binde saman fylkesveg 680 i Møre og Romsdal og fylkesveg 713 i Trøndelag. Avstanden mellom Aure og Hitra ein veg er godt og vel 100 km mellom dei nærmaste områda i dei to kommunane, og opp mot 200 km mellom dei fjernaste områda i begge kommunar. Avstanden over leia for eit nytt ferjesamband er om lag 7 km. Spart reisetid er om lag 25 minutt.

Så langt har fylkespolitikarane i Møre og Romsdal gjort mykje for å realisere sambandet:

  • 22.11.2016: Fylkesutvalet vedtok at nytt ferjesamband Aure – Hitra vert utgreia og søkt godkjent dersom det kan etablerast innanfor det statlege tilskottet til ferjedrift i inntektssystemet.
  • 13.12.2016: Fylkestinget vedtok det same.
  • 14.3.2018: Samferdselsutvalet ber om at det blir utgreidd om det er mogleg å starte opp eit nytt ferjesamband mellom Kjørsvikbugen og Laksåvika frå 2021, med sikte på at sambandet blir teke inn i inntektssystemet frå 2023. I dette arbeidet må kommunane og Trøndelag fylkeskommune involverast for å finne ei løysing på finansiering og investeringar og drift før sambandet blir godkjent av KMD.
  • 27.01.2020: Eit fleirtal i fylkesutvalet vedtek å løyve 500.000 kroner til videre utgreiingar.

I den siste runden fall Høgre og Fremskrittspartiet frå. Dei meiner den fylkeskommunale økonomien er for svak til å fortsette arbeidet med prosjektet. Sjølvsagt er det krevjande å finne økonomisk rom til eit slikt prosjekt no, men både innbyggjarar og næringsliv på Ytre Nordmøre fortener at vi gjer eit ærleg forsøk. Difor må vi utgreie dette vidare, saman med Trøndelag. Dessutan er det fult mogleg at kostnadene i prosjektet kan reduserast vesentleg.

For å kunne etablere det nye sambandet må det etablerast tilkomstvegar og nye ferjekaier både i Aure og på Hitra. Aure kommune og Hitra kommune har vedteke reguleringsplanar for ferjekaiene. Kommunane og næringslivet har sagt seg villige til å bidra i eit spleiselag for å få ferjesambandet realisert.

Årleg driftskostnad, inkludert kapitalkostnader for ferja, er rekna til ca 30 mill kroner, billettinntektene til ca 7,5 mill. Dersom sambandet blir godkjent og får statleg støtte, vi denne vere på ca 19 mill.
Så kjem investeringar på tilførselsvegar og kaier i tillegg. Kristiansund og Nordmøre Havnevesen har gjort eit arbeid for å sjå på alternative kailøysingar. Kanskje vil det ligge innsparingspotensiale også for andre tilsvarande prosjekt i KNH sitt forslag?

Trøndelag fylkeskommune har vedteke å støtte arbeidet med utgreiing på same måte som Møre og Romsdal.  Verken Trøndelag eller Møre og Romsdal har økonomi til å dekkje underskott på nye ferjesamband, men vi har tru på at ei utgreiing vil vise seg å få ned kostnadene og at både fylke og kommunar og næringsliv i lag kan bidra til ei realisering. I alle fall har vi ikkje råd til å la vere å undersøke dette. 500 000 kroner frå fylkesutvalet sin eigen konto er ei lita utgift for å undersøke et prosjekt med stort potensiale. Så dårleg står det ikkje til med økonomien til Møre og Romsdal fylke at vi treng å nullstille alt utviklingsarbeid.

Difor er vi skuffa over at FrP og H i fylkesutvalet 27.januar avviste å gå vidare med prosjektet. Randi Frisvoll (KrF) og Pål Farstad (V) var derimot tydeleg for prosjektet. Vi noterer oss at Frp, som lovde å jobbe for denne ferjestrekninga i valkampen, no plutseleg har skifta meining.
Men vi er fornøgd med at vi likevel har fleirtal. Det trur vi også innbyggjarane på Nordmøre har grunn til å vere.

 

Kristin Sørheim (SP) Per Vidar Kjølmoen (AP)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse