Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
17 februar 2020 14:47
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

 I eit innlegg frå AP representant Erik Kursetgjerde, får absolutt alle utanom AP passet sitt påskrevet, og absolutt alle andre har ansvaret for ferjesituasjonen her i fylket.

 Erik skriv: 

– Folk ynskjer handling – og den einaste moglegheita ein har til å reversere takstaukane snarast råd er ekstra løyvingar.  

Den absolutt einaste muligheita som finnast her i fylket for å betre situasjonen for dei ferjereisande og næringslivet, er det faktisk du og eg samt resten av fylkestinget her i fylket som kan gjere noko med og vi kan gjere noko med dette akkurat no!

Faktisk kan vi i lag handle og gjere ein forskjell.

 No hadde eg ikkje forventa så mykje frå Kursetgjerde ang samferdselspolitikken her i fylket, men hadde likevel forventa at ein tok seg bryet med å setje seg litt betre inn i saka.

 I svært mange år har ein arbeidd med ferjenøkkelen.

Heilt frå tidspunktet Møre og Romsdal fylke vart påtvinga av den raud/grøne regjeringa til Kursetgjerde, å ta over riksvegferjene, mangla fylket ca 120 mill kr pr år. 

I åra frå 2010 til ny regjering kom i 2013, fekk fylket ca 270 mill kr til ferjedrifta pr år, frå ny regjering kom på plass steig løyvingane til heile 426 mill kr pr år. 

Eg veit kven som medverka til å rydde opp i dette raud/grøne surret, det var ivertfall ikkje Erik Kursetgjerde og AP. 

Etter dette har fylket brukt årleg omlag same summen som ein har forbrukt, og hoppet i kostnad kom no når AP og Kursetgjerde tok over styringa av fylket i 2020.

At AP, SP og gjengen heller brukar pengane 150 mill kr på Opera, fleire hundre mill kr årleg til områder som fylket ikke har ansvaret for, forstår eg godt er vanskeleg å snakke seg vekk ifrå,  ikkje sant Erik?

Så er det kun dagens fylkesting som kan gjere noko med ferjetakstane her og no i 2020. 

Alle veit at det ikkje er råd å endre ferjenøkkelen med eit «benkeforslag» slik AP kom med, eit reint markeringsframlegg var dette, som det blir omtala som i «Stortingsspråket» 

Vi må ta dette ansvaret sjølve i 2020, og vi har to alternativ.

Autopass direktivet kan vi anten utsette eller ikkje innføre her i fylket.

Dette kostar ingen ting for fylket, Autopass kortet og brikka skal brukast, men vi kan nytte Riksregulativet slik at bilistane sparer 32% samt at næringslivet unngår takstaukar på 8-39%.

Er du med på dette Erik og AP?

Dette er akkurat slik du skriver, ta ansvar og gjer noko med saka.  

Eg og FrP har fremma eigen interpellasjon til fylkestinget 21/4, då kan du faktisk få vise meg i praksis om du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Det andre alternativet er å bruke dei 70 mill kr som kom som ekstraløyving i frie midlar frå staten i desember. Pengane står pr i dag på disposisjonsfondet og kan nyttast i år til å kutte dei to takstaukane i ferjedrifta. 

 Kristin Sørheim meiner pengar som er tiltenkt eit formål, må gå til dette. Kva med ferjefondet, der dykk tek 150 mill kr frå og brukar dette på Opera? 

No blir Operabygget utsett, og då ville det vere betre å bruke desse 150 mill kr til tunellsikring i staden. Då ville vel dei 70 mill kr kunne brukast til ferjedrifta vil eg tru.

Dette dreiar seg rett og slett om vilje, og Statsråden den gong var også tydeleg på at pengane kunne og burde brukast til ferjedrifta.

Ikkje noko «snikk snakk, eller bortforklaring» dette er eit realframlegg som vil kunne løyse saka for 2020.

Dette framlegget er også inne i interpellasjonen til fylkestinget 21/4, her kan du også Erik Kursetgjerde vise at du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Så har din fylkesordførar sagt at ho trur at regjeringa kjem til unnsetning og reddar dokke i 2021.

Om AP, du og resten av fleirtalet får lov til å fortsette å bruke ferjemidlane til Opera og andre ikkje lovpålagt områder tvilar eg sterkt på.

Nye midlar til ferjedrifta til fylka må rett og slett øyremerkast, slik at du Erik Kursetgjerde og resten av AP og dei raud/grøne, aldri meir får anledninga til å kunne tømme ferjefondet frå salget av ferjerederiet Fjord 1, og bruke opp pengane på finkultur og Opera blant anna.

Ta ansvar ilag med meg. Du har muligheita til dette i fylkestinget i April og stemme for interpellasjonen.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse