Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Del på Facebook
Erik Kursetgjerde, Fylkestingsrepresentant (Ap). Foto: Arbeiderpartiet
Erik Kursetgjerde, Fylkestingsrepresentant (Ap). Foto: Arbeiderpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av: Erik Kursetgjerde, Fylkestingsrepresentant (Ap)

DiagramDiagramI eit innlegg denne veka i fleire av fylkets aviser raslar Frank Sve med sablane, igjen. Når det kjem til dei siste uttalelsane i media elles frå Sve og Framstegspartiet vedrørande ferjefinansiering, så seier eg som Ivar Aasen: «Det er lett å vere brå når ein ikkje veit råd». Det er Sve og hans FrP som har styrt Noreg i over seks år i Solberg-regjeringa. Ikkje Senterpartiet. Ikkje Arbeidarpartiet. FrP har hatt finansminister og samferdselsminister og alle moglegheiter til å styre og påverke. Attpåtil har fylkeslaget som Sve er leiar for hatt fleire statsrådar, til og med samferdselsministeren.

Til påstanden om at fylkeskommunen bruker pengar til andre ting enn det dei er meint – så er det verdt å nemne at vi faktisk bruker meir pengar på ferjer enn snittet i andre ferjefylke, så det stemmer ikkje heilt. Om ein ser på dei sambanda som staten sjølv drifter, så har kostnadane der auka med om lag 140 prosent sidan 2013. Der har Høgre og FrP løyst det kvart einaste år med aukte bevillingar via statsbudsjettet.

Kostnaden til ferjene som fylkeskommunen har ansvar for har derimot aukt i same perioda med rundt 60 prosent, medan realveksten på pengar frå staten omtrent har vore fråverande. Det gjer at gapet aukar – og at vi på papiret gir eit betre tilbod til innbyggjarane på ferjefronten enn det regjeringa legg opp til. Menon Economics og Transportøkonomisk Institutt (TØI) estimerer at fylkeskommunanes årlege meirkostnadar til drift av nye fossil og utsleppsfrie løysingar vil stige frå 250 mill. kr i 2019, til 590 mill. kr i 2020 og om lag 650 mill. kr i 2025.

FrP og Frank Sve må rett og slett ta seg saman – og slutte å pulverisere alt av ansvar. At ein har vore nokre veker i opposisjon fritek ein ikkje for det ein ikkje har greidd å få til i regjering. Realitetane er og at både FrP og Sve har stemt for fleire av budsjetta og pengebruken i fylkestinget, og som den lengstsittande politikaren i det nye fylkestinget – og ein av dei fremste og best lønna over lang tid – er det særs merkeleg at ein enno ikkje har greidd å sjå utfordringane med underfinansiering av generell ferjedrift.

Eit samla Storting, inklusive Framstegspartiet stemte i 2015 for å «be regjeringen iverksette tiltak som sikrer at alle fylkeskommunale og kommunale ferger og hurtigbåter benytter lav- eller nullutslippsteknologi ved nye anbud og på ruter i egen regi.» I energi- og miljøkomiteen stemte FrP og for ein instruks der ein «ber regjeringa snarest mulig utarbeide en tilskuddsordning rettet mot fylkeskommunene for bruk av ny teknologi i offentlige fergeanbud.» Nasjonal transportplan 2018-2029 legg også føringar :«Nye ferjer skal benytte lav- eller nullutslippsteknologi når teknologien tilsier det.». Så å framstille det som det ikkje har blitt lagt føringar frå nasjonalt og FrP er tull.

For ein kar som er flink til å fortelje om kva dei ikkje forstår i Oslo, eller kva vi andre må ete meir graut for å forstå, så er ikkje forståiinga mykje betre der. Bompengeforliket, som Sve og FrP stod i spissen for, ville gi endring i bompassering i Oslo frå 22,40 kroner til 21 kroner. Betydninga for familiar og vanlege folk i Oslo ville difor vore minimal. Om ein derimot hadde brukt 10% av bompengeforliket på ferjene i Møre og Romsdal hadde ein sluppe takstauken.

Medieoppslaga dei siste vekene har vist at dagpendlarar, familiar og bedrifter som er avhengige av ferjetilboda, får mange tusen kroner i ekstrautgifter på grunn av auka takstar. Om Sve og FrP tek underfinansieringa av ferjene på alvor, så støtter ein framlegga frå Ap i Stortinget om aukte løyvingar for å redusere ferjetakstane og sikre overgang til låg/nullutsleppsferjer på ein måte som ikkje belastar utgiftene til reisande. Om ikkje blir det berre tomprat.

Kva om Sve og FrP hadde brukt energien der den trengs mest – nemleg i distrikta og våre sårbare kystsamfunn? Eg ynskjer å utfordre Sve til nettopp dette,å bidra til at vanlege folk framleis kan bu og skape arbeidsplassar i distrikta, utan å måtte gå konkurs. Å bruke tida framover til å fordele skuld er ikkje konstruktivt og hjelp heller ikkje dei som er råka. Folk ynskjer handling – og den einaste moglegheita ein har til å reversere takstaukane snarast råd er ekstra løyvingar. Ta ansvar – stem med oss.

«Beint fram er stuttast, men ikkje alltid lettast» (Ivar Aasen)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

jon ingar eik 30 minutter siden Møreaksen, tidenes skandale!
Ja Møreaksen er tidenes skandale, men følle prosjektet og den enda lengre omveien Hafast er mange ganger verre som ett ...
@Terje G. FinnøyDen raskeste veien er Møreaksen. Omveien er Romsdalsaksen, som også gir minst vei for pengene. Dine referanser til rette linjer ...
@Terje SundsbøMed dine uttalelser så sår du nettopp tvil om integriteten og seriøsiteten til Norstat.Og det samme gjelder vedr. KS2/del. 1 ...
@Terje G. FinnøyDet tragikomiske er det cel du som stpr for, men  flott at du nå benytter de samme referanser til SMP ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Møreaksen, tidenes skandale!
@Rolf Erik PedersenDu lyver så det renner av deg. Jeg har aldri påstått at 80% er for Møreaksen. Jeg har vist til ...
Terje G. Finnøy 17 timer siden Verden består av mer enn lastebiler fra Sunnmøre
@Terje SundsbøDette nærmer seg en tragikomedie. Der det er forunderlig hvordan du vrir og vender, der du tilpasser din tillit/ikke tillit ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte