Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
08 februar 2020 18:27
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

SP har full panikk, stuper på meiningsmålingane, og forsøker å vere noko dei ikkje er. For, kva er SP egentlig her i fylket?

Partiet med Kristin Sørheim i spissen, har ilag med underteikna og FrP dei siste 8 åra stått for mykje av den same politikken, stemt for dei same samferdselssaker og vore like aktiv i næringspolitikken som vi i FrP,  i olje- og gassfylket, Møre og Romsdal. 

 I sak etter sak har SP lena seg på oss, og stemt imot spesielt AP, som i dei siste åtte åra stort sett har søkt «nødhavn» i Høgre, i svært mange saker. 

Slett ikkje få gongar underteikna og Kristin Sørheim har laga framlegg ilag, og dette fortsetter også no i denne perioden vil eg tru. 

No skal det same SP samarbeide her i fylket, men også i ei eventuell raud regjering etter 2021, med, MDG,  SV og Rødt ?

At Slagsvold Vedum har mista grepet på sin «seilas under falsk flagg» er ikkje vanskeleg å sjå, der han forsøker å framstå ueinig med FrP, sjølv om begge våre parti står milevis ifrå MdG, Rødt og SV i det meste av både samferdsel og næringspolitikken i vårt land. Korleis SP kan forklare at sin politikk, skal vere i nærheita av MdG, Rødt og SV, er for meg og andre ei gedigen stor gåte.

Partia MDG som forsøker å få til at det norske folket skal ha «kjøttskam», utfordrar heile SP sitt grunnlag som bondepartiet. Får MDG gjennomslag for dette, utfordrar dette ei heil landbruksnæring.

Når eg ser kva dei driver med i Oslo, forstår eg rett og slett ikkje bæra av at Slagsvold Vedum liksom skal samarbeide med den gjengen der! 

Flyskam, svindyre drivstoffavgifter, kjøttskam og ein rein bypolitikk, er spesielt MDG og SV sin medisin.

Dette er stikk i strid med SP sine grunnlag, der folk er avhengige av flytilbudet i distrikta, drivstoffprisar i heile landet som El- bilar/traktorar/ anleggsmaskiner ikkje er eit alternativ eller som ikkje eksisterar, og dei har også ein politikk som overhode ikkje er byfokusert.

Korleis kan SP samarbeide med MDG og SV?

Skal SP få sin politikk igjennom her til lands, hjelper det lite å angripe FrP, skal dei få politikken igjennom må dei heller samarbeide med FrP. Vi i Møre og Romsdal FrP kjem til å fortsatt arbeide for dei viktige sakene her i fylket, ein aktiv samferdselspolitikk, bygge ut våre viktige eksportvegar på E-136, E-39, samt fortsette å satse på ferjedrifta og på vidaregåande skular.

Kjempe imot vindmøller, giftdeponi på Raudsand og arbeide for utgreiing av Romsdalsaksen. 

 Vi kjem fortsatt til å kjempe for gode sjukehustilbod i heile fylket, og at nytt sjukehus på Hjelset blir bygd.

Derimot skal utviklingsplanen i Ålesund og Volda sjukehus gjennomførast, samt sørge for eit så godt tilbod som mulig i Kristiansund med fødeavdeling og dertil nødvendige tjenester.

Vi kjem til å fortsette å legge til rette for at vårt fylke fortsatt skal vere Norges største eksportfylke, og eit fylke der olje og gassnæringa fortsatt skal vere svært viktig, samt at «matfylket nr 1» fortsatt skal vere det med ei aktiv landbruksnæring.

SP «seiler under falsk flagg» dersom dei skal fortsette å samarbeide med MDG, SV og Rødt. 

Heis det fornuftige flagget, og kom dokke ut av sjørøverskuta til MDG, SV og Rødt.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøEr det krigen i Ukraina som er årsaka til at Vik til Molde og Breivika til Ørskogfjellet vart lagt I ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Fjern flaskehalsene!
De som ikke tror på Møreaksen må i hvert fall starte å tro på at fergeleiet flyttes vekk fra Molde ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir M PunnerudDu uttaler deg for mindretallet.Møreaksen er raskeste vei for flertallet som krysser Romsdalsfjorden på E39. Bare 40% av de som ...
Geir M Punnerud 10 timer siden Fjern flaskehalsene!
Raskeste vei? Lite trolig.  Omvei blir det for dem som IKKE skal til Molde. Og dyrere.
Terje Sundsbø 14 timer siden Fjern flaskehalsene!
Her er et sitat fra en kommentar på RBNett:Bjørn HaukebøFergefri E39 vil være en gamechanger for vår region. Det å ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse