Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
06 februar 2020 12:12
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Når krybba er tom, bites hestene» heiter eit ordtak, slik er det i Møre og Romsdal fylkeskommune for tida.

Pengane er brukt opp på Opera og anna fjas, som fylkeskommunen slett ikkje skal drive med, og når krybba er tom, skuldar ein på alle andre.

Kristin Sørheim og Sp lova gratis ferjer i valgkampen, men istaden setter ho ferjeprisane kraftig opp – Sp i praksis. «Det grønne skifte» har vore ein konkurranse spesielt blant MDG, SV, Ap, Sp, Venstre, og KrF men også det etter kvart så «rosa Høgre» har kasta seg på galskapen. Når eg høyrde på nyttårstalen til Erna Solberg, kunne den godt vere gjennonført av SV eller MDG, det var klima og miljø opp og i mente, til eg ikkje gadd å høyre på dette meir og gjekk og gjorde noko anna.

Kven har ansvaret for klima og miljøhysteriet som har ført med seg hysteriske krav om svindyre miljøferjer, dyre ladetårn og svindyr oppbygging av nødvendig straum infrastruktur? Ivertfall ikkje Frp som har stått bak dette klima og miljøhysteriet som ein no ser konsekvensen av, og som alle no får den enorme rekninga ifrå.

Dette er berre begynnelsen.

Alle har blitt lurt til å kjøpe elbil, men no kjem rekninga der også. Ladekostnadane vert no sett til himmels, når det no har gått opp for desse klima og miljøfanatikarane at det ikkje er gratis å framskaffe og produsere nok straum. Det vert no like dyrt å køyre frå Møre og Romsdal til Oslo og tilbake, med elbil som med ein moderne dieselbil, verda skal bedragast. Er det mulig å bli lurt så opp i stry, med såkalla klimanøytrale bilar og ferjer, der livsløpet med destruering av batteria er vesentlig dårligare og verre for miljøet enn med ein ny Euro 6 dieselbil.

Kven har ropa på elferjer? Jau, dei same klima og miljøhysterikarane i MDG, SV, Sp, Ap, Venstre, KrF og faktisk også i Høgre. No møter dei alle seg sjølve i døra med eit brak, og får berre leite fram dei milliardane som er nødvendig for å løyse det dei sjølve har sett istand.

Det samme ser vi ang cruisenæringa her i fylket, krav om nullutslipp frå 2026 og tier 3 krav i 2025, betyr tom Geirangerfjord i 2024/25. Null skip er 400 000 turistar mindre til dette området og eit inntektstap på 360 mill kr og tap av 100-vis av arbeidsplassar. Folk startar no å flytte ut av Geiranger, det er berre å gratulere prosjektet, «grøn fjor, som har prestert å oppnå TOM fjord». Bitte lille Norge skal redde verden, medan dei andre landa hegnar om sine arbeidsplassar og sitt land, gjer vi i Norge det meste for å øydeleggje oss sjølve med eit hinsides klima og miljøhysteri, i eit av verdas reinaste land.

Så er det berre ein måte å gjere dette på, og det er å øyremerke midlane til ferjedrift, vidaregåande skular og dei lovpålagte oppgåvene i fylkeskommunen, slik at ein i framtida hindrar Torve, Kjølmoen, Sørheim og SV dronninga Yvonn Vold, muligheita til å sløse vekk ferjepengane på Opera og alt anna unødvendig fjas.

Så må folk berre fortsette å stemme fram SV, MDG, Ap osv, så ryker vel tusenvis av olje og gass arbeidsplassar her i fylket også – samt «kjøttskam» og anna tøv legger vel etter kvart også landbruksnæringa i grus. Kva skal vi leve av i framtida med desse klima og miljøhysterikarane, med MDG, SV?

Blir vel tilbake til 30–40 talet med sykkel og ufarga kle, der hest og kjerre skal tilbake, no må snart folk våkne opp, og sjå kva som er i ferd med å skje.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse