Når det for nokre år sidan var skyhøge straumprisar i heile Møre og Romsdal og Trøndelag på grunn av for lite straumkapasitet, det var fare for nedstengning av dei store industriområde våre, ropa alle på ny kraftlinje inn til fylket»
Ny 420 v linje frå Fardal til Ørskog vart bygd, og krisa vart lagt død.
Kua gløymer raskt at ho har vore kalv. Og, slik er det vel med Vidar Holm, som trur at med bedre linjenett i landet så blir straumprisane høgare i vårt område. Dette er feil!
Les også
Hasteutbygging for å jevne ut strømprisene – Sve og Frp med agenda?
Til dømes den 8. november 2021 som var ein av dagane med størst prisforskjel på straum i landet, køyrde Norge 7040 MV ut av landet, frå Nord Norge, Midt Norge inn i Sverige, og frå resten av landet ut til Sverige og Europa.
Dette forstår eg lite av, når det Norske folk trenger straumen og lave straumprisar i energilandet Norge.
Mellom Møre og Vestland/ Austlandet vart berre småtterier med strøm flytta over.
Det er ubegripelig at vi i eit kraftland som Norge skal operere med så store forskjeller i straumpris og at det skal vere mulig med mangel på kraft. Meir kraftproduksjon må byggjast ut, og vannkraft er og blir det beste, der enda meir bør byggjast ut.
Så ser eg seinast i dag opprop frå Nordmørekommunar og næringslivet om utbygging av nye kraftlinjer, dette er eg enig i for å kunne fortsette med næringsutvikling.
Derimot å gjennomføre noko så greinalaust idiotisk som å elektrifisere sokkelen, der SP og AP blant anna frå Nordmøre har tenkt å elektrifisere til dømes Gassfeltet Linnorm. DETTE vil føre til auka straumprisar for oss alle, når SP og AP regjeringa altså har tenkt å bruke over 50 milliard kr til elektrifisering av sokkelen, sende gassen til Europa som lagar straum av den blant anna, og folket her i landet får rekninga.
Ellers kan eg informere Holm om at FrP ikkje stemte for ACER i Stortinget, der stemte SP og FrP imot.
Vi bør halde tilstrekkeleg med straum igjen her i landet og byggje ut enda meir vannkraft, samt eit godt straumnett, nasjonalt, regionalt og lokalt, for lavast mulig straumpris for alle, og sjølvsagt med mest mulig lik pris for oss alle i Norge.
Av: Frank Sve
Stortingsrepresentant for FrP
Fraksjonsleder Energi og miljøkomiteen