Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune, Siv Katrin Ulla og Anne Lise Hessen Følsvik
Kronikk
Møre og Romsdal fylkeskommune, Siv Katrin Ulla og Anne Lise Hessen Følsvik
20 desember 2021 15:41
Del på Facebook
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Universell utforming skal gjere at så mange som mogleg kan delta aktivt i samfunnslivet. Men folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal viser at mange blir hindra.

I 2021 vart det for første gong gjennomført ei større folkehelseundersøking i Møre og Romsdal. Mange av innbyggjarane i fylket over 18 år fekk moglegheit til å svare på korleis ein opplever sin eigen kvardag. Delar av undersøkinga går mellom anna på korleis ein opplever den universelle utforminga i sitt nærmiljø, kva hindringar ein møter utandørs, i tillegg til korleis ein opplever eigen bustad. Den grunnleggande tanken bak universell utforming er å utforme samfunnet slik at så mange som mogleg kan delta aktivt, uavhengig av kva funksjonsevne ein har.

Ei utfordring i alle kommunar

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne og eldrerådet i Møre og Romsdal fylkeskommune veit at god universell utforming er ei utfordring i alle kommunar, og er glade for at dette no vert belyst tydelegare gjennom resultata i folkehelseundersøkinga.

Korleis ein opplever brøyting og strøing er eit av spørsmåla som vert stilt. Om lag 65 prosent oppgir at dette hindrar dei i ein eller annan grad. Av dei som svarer, er det den yngste (18-29) og den eldste gruppa (70+), som i størst grad melder at dårleg brøyting og strøing er til hinder for at dei får oppsøkt butikkar, serveringsstadar eller offentlege tenester og møteplassar. I tillegg er det manglande kvileplassar, dårleg skilting og informasjon, dårleg akustikk, dårleg belysning og kontrastar, trapper, tersklar og andre fysiske hinder som i stor grad gjer at ikkje alle får deltatt i samfunnslivet slik dei ynskjer.

Tilrettelagte bustadar

Når det gjeld eigen bustad, melder om lag to av tre av dei som svarte, at ein ikkje har trinnlaus tilgang inn og ut av eigen bustad. To av tre melder at dei har bad, minst eitt soverom, opphaldsrom og kjøkken i same etasje som inngangen, og heile 93 prosent melder at dei har parkeringsplass nær bustaden sin inngang, på gateplan.

Vi veit at det er ei utfordring med tilrettelagte bustadar i mange kommunar. Vi veit også at personar med nedsett funksjonsevne i mange tilfelle må kjempe for å få tilrettelagte bustadar, dette burde vere unødvendig, og vert opplevd som utmattande. Kommunane må legge mykje større vekt på tilgang på godt universelt utforma bustadar, og dette må vere sett i fokus heilt frå planleggingsstadiet. I tillegg er det viktig at ein i samfunnsplanlegginga legg vekt på at bustadar vert lagt i område kor ein har tilgjengelege servicetilbod, og lettast mogleg tilgang til offentleg transport.

Bu lengst mogleg i eigen heim

Vi ynskjer at eldre som sjølve vil det, skal ha moglegheit til å bu lengst mogleg i eigen heim. Dette er i tråd med nasjonale føringar og eldrereforma «Leve heile livet». Dette krev tverrfagleg og strategisk planlegging og tilrettelegging. Det at eldre og personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i samfunnet på lik linje som andre, krev at dei kan bevege seg trygt ute og inne. Vi ser av resultata frå folkehelseundersøkinga at vi har utviklingspotensiale i alle kommunar for å kunne legge betre til rette for dette. Dette gjeld både innandørs og utandørs, og det er naturlegvis også viktig at kommunane prioriterer brøyting og strøing.

Då resultata også er tilgjengelege på kommunenivå, burde dette er vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommunar som ynskjer å sjå korleis deira innbyggjarar opplever tilgjenge både innandørs og utandørs. Til slutt vil vi understreke at god universell utforming, både ute og inne, er viktig for alle, ikkje berre eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal vart utført i februar 2021, med 25.000 respondentar i alderen 18 år og over. Utvalet av respondentar var tilfeldig, og er representativ for befolkninga i Møre og Romsdal.

 

Av:

Siv Katrin Ulla, leiar i rådet for personar med nedsett funksjonsevne i Møre og Romsdal fylkeskommune

Anne Lise Hessen Følsvik, leiar i eldrerådet i Møre og Romsdal fylkeskommune

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse