Annonse
Grete Kongshaug, rådgivar i team for kommunal planlegging, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kronikk
Grete Kongshaug, rådgivar i team for kommunal planlegging, Møre og Romsdal fylkeskommune
09 mars 2023 10:27
Del på Facebook
– Gode døme er Ulstein arena med nytt bad, bibliotek og klatrehall, Campus Kristiansund med utdanningstilbod og kontorarbeidsplassar, planar om ny vidaregåande skule og kulturhus i Ørsta og ny kulturskole i Elnesvågen, og vakre sjøfrontar i Molde og Vestnes, skriver Grete Kongshaug i denne kronikken. Dronefoto: Steinar Melby, NettStudio
– Gode døme er Ulstein arena med nytt bad, bibliotek og klatrehall, Campus Kristiansund med utdanningstilbod og kontorarbeidsplassar, planar om ny vidaregåande skule og kulturhus i Ørsta og ny kulturskole i Elnesvågen, og vakre sjøfrontar i Molde og Vestnes, skriver Grete Kongshaug i denne kronikken. Dronefoto: Steinar Melby, NettStudio
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Vellukka sentrumsutvikling kan verke uoverkommeleg og komplekst. Kva skal eigentleg til, og korleis skal vi gripe fatt? Oppskrifta er eigentleg enkel: Legg alt som fører til byliv til sentrum og handle etter mantraet aktivitet fører til meir aktivitet.

For å forstå må vi ta eit lite historisk tilbakeblikk. Dei fleste tettstadene og byane i Møre og Romsdal er grunnlagt på det naturen og geografien ga. Hamna, butikkar og tenester vart kopla saman langs ei kai eller eit gatenett slik at folk ikkje trong å reise lengre enn nødvendig. Byane og stadane syda av liv fordi høg aktivitet førte til at det vart behov for både skreddar, bakar og butikkar. Vertshus og kafear serverte trøtte og svoltne. Folk kom frå omlandet for å selje varer, eller handle det som ikkje var å få tak i der dei budde. I byen trefte dei kjende, slo av ein prat og det hendte at det vart både fest og moro.

Men, etter at bilen vart allemannseige, opna det seg nye moglegheiter; rimelege tomter utanfor sentrum som var enkle å bygge ut og med god plass til parkering. Med eigen hengar kan vi hente trykkimpregnert trelast til utegolvet og møblar og planter til å pynte med. Og når vi først er her kan vi vel like gjerne gjere unna alle ærenda? Da slepp vi turen til sentrum. Regnar og bles gjer det og. Snart blir det ny veg slik at vi slepp å køyre i kø til jobben. Kvardagen blir enklare.  

Men gjekk noko tapt? Det er færre folk i sentrumsgatene. Og nokre bygg står tomme. Butikkar og andre tilbod er spreidde over større område. Vi må ut av sentrum for å få tak i alle varene på handlelappen og få gjort det vi skal. Men både unge og gamle vil framleis møtast og sjå andre folk. Ungdommen i huset formulerte eit behov og eit framtidsønske i ei setning: «Eg vil ha ein by å gå i» Ho meinte ikkje berre ei gate der det er mogleg å gå, men og det sosiale livet og dei spennande opplevingane som bylivsmiksen av gater, byrom, butikkar, kafear og kulturlivet byr på. Spørsmålet vi da må stille er om sentrum vil vere i stand til å møte dette behovet når mykje av kvardagsaktivitetane skjer ein annan stad.

10-minuttersbyen er ein visjon for framtidas byutvikling og betyr nærleik mellom bustader, arbeidsplassar og tenester. Dei ulike funksjonane vil styrke kvarandre og gi meir levande og innhaldsrike byar og stadar og meir aktivitet. Bonusen er at fleire kan nå det dei treng til fots. Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt dette prinsippet til grunn i framlegg til «Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader 2023-2026».

Heldigvis er det dei seinare åra mange som forstår at det må vilje, planlagde grep og gjennomføringskraft for å lokalisere funksjonar slik at dei til saman bidreg til å vitalisere sentrumsområda. Nye bygg med utdanningstilbod, kulturtilbod og kontor er mange stader i ferd med å reise seg, og fleire offentlege byrom har fått løft og nytt liv. Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med kommunane og næringslivet bidratt til dette, gjennom «Tettstadprogrammet» og «Byen som regional motor».

Gode døme er Ulstein arena med nytt bad, bibliotek og klatrehall, Campus Kristiansund med utdanningstilbod og kontorarbeidsplassar, planar om ny vidaregåande skule og kulturhus i Ørsta og ny kulturskole i Elnesvågen, og vakre sjøfrontar i Molde og Vestnes.

I ei utgreiing frå 2021 frå konsulentselskapet Vista analyse om «Lærdomar frå gode verstskapskommunar for næringsutvikling» fann dei at eit levande sentrum er svært viktig for næringslivet. Næringslivet har alt å vinne på å bli meir bevisste på nytten av sentrumsutvikling fordi aktivitet og folkeliv er ein viktig attraksjonsfaktor i konkurransen om arbeidskrafta. Eit levande sentrum vil derfor kome alle bransjar til gode, ikkje berre dei som held til sentrum.

For å få til eit levande sentrum må vi stadig fylle på med nye funksjonar og tilbod. Både private og offentlege aktørar må erkjenne kva rolle dei kan spele, kor viktige dei er for å skape eit levande sentrum og kva grep som må til. Offentlege verksemder og private bedrifter må for eksempel gå inn for å lokalisere kontor og tenester i sentrum sjølv om det finst alternativ.

I sentrum treng ein bygard ein aktiv eigar, ein eigedomsutviklarar med respekt for historia, og leietakarar som driv næring. Det er ei utfordring å utvikle nye, drivverdige konsept som kan fylle 1. etasjane på gateplan. Her kan det ligge moglegheiter innanfor ombruk, tenesteutvikling og sirkulær økonomi. Kva med ein kombinert sykkelreparatør og kafe som vi finn hos «Sykkologen» på Lillehammer? Eller nye konsept som for eksempel bruktmarknaden Kirppis i Elnesvågen.

Politikarane må gjere det dei kan for å støtte at arbeidsplassar, handel og tenester blir lokalisert i sentrum. Kommunane må bygge «infrastruktur for byliv» i form av torg, gater og plassar. Politikarane må halde stø kurs over tid og ta modige val når tiltak, som drar i feil retning, ligg på bordet.

Vil vi ha attraktive byliv og sentrumsmiljø, til meir enn berre 17. mai-feiringar og Instagram, må vi gjere dei to tinga om og om igjen: Lokalisere rett og lage aktivitet som skaper aktivitet. For det handlar mest om framtida og kva byar og tettstadar vi vil ha i fylket vårt.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 9 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse