Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
Kristin Sørheim
20 mars 2020 12:43
Del på Facebook
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av: Kristin Sørheim (SP), leiar i samferdselsutvalet

Om prioriteringane som Statens vegvesen foreslår for kommande NTP:

«Eg forstår at SVV har svara på ei bestilling frå tidlegare samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP), der netto nytte av kvar krone – ut frå bestemte kriterium – skal gå framfor alt anna. Men det blir fullstendig feil når vi ser at Møre og Romsdal nesten ikkje skal få ei krone til riksvegane i den første seks-årsperioden, og sannsynlegvis lite heilt fram til 2033!»

Vidare kommentarar om enkeltprosjekt og prioriteringar:

Krabbefelt på Ørskogfjellet er inne, og 46 mill. kr til ny veg i dagen gjennom Veblungsnes (føresett 164 mill. i bompengar!) og utbetring av E 136 mellom Innfjorden og Vestnes kan nå opp opp rammene vert auka. Men innfartsveg til Ålesund og bypakke når ikkje opp, heller ikkje E 136 i Romsdalen, og ikkje Lønset-Hjelset eller Volda-tunnelen. Eller utbetring av RV 70. Utbetring og ferjeavløysing på E39 i fylket kan vi også sjå langt etter.

Dei store pengane går til sentrale strøk og nesten ikkje noko til eit av dei største verdiskapingsfylka, Møre og Romsdal. Vi har aldri sett ei slik nedprioritering av infrastrukturen i vårt fylke som i dette innspelet frå SVV. Det må vere feil politikk som er lagt til grunn når vi kan komme ut slik i vårt fylke.

Senterpartiet sitt krav er først og fremst at også fylkesvegane må inn i NTP. Vedlikehald og oppgradering av viktige og høg-trafikkerte fylkesvegar må prioriterast, med bruer og tunnelar og rassikring som det som hastar mest. Av viktige fylkesvegar for næringslivet har vi fleire, t.d. FV 60, 61, 64 og 65. Fylkesvegane utgjer langt over 40 % av vegnettet, riksvegane berre 11 %. Det hjelper ikkje med 110 km fartsgrense på E 6 og E 18, når vi ikkje kjem oss fram dit med næringstrafikken. Vi vil også prioritere eit godt og rimelegare ferjetilbod.

Så vil vi halde fast på at E 136 inkludert Veblungsnes og bypakke Ålesund må inn i første del av perioden og absolutt ikkje overførast til Nye Veier. Det er ikkje aktuelt for oss å gå inn for Nye Veier sitt forslag om ei ny løysing for E 136 utanom Åndalsnes.

Utbetring av E 39 Lønset-Hjelset og RV 70 Kristiansund og Voldatunnelen meiner vi er viktige prosjekt. Og ny E 39 forbi Batnfjorden.
Vi vil krevje meir midlar til trafikksikring og utbetring av farlege vegkryss på riksvegane, slik som mellom anna Veibustkrysset og flyplasskrysset i Ørsta.

Innspelet frå SVV om utsetjing av ferjefri og utbetra E 39 i vårt fylke står i sterk kontrast til det arbeidet som er gjort av SVV i Region Midt, så dette vil også bli prosjekt vi må løfte fram.
Dette landet skal komme seg på fote igjen etter korona-utbrotet. Da blir næringslivet i kvar «krik og krok» i Møre og Romsdal enda viktigare enn før.

Da kan vi ikkje godta at Stortinget vil la forfallet på vegane våre auke, tvert imot må vi bygge infrastruktur i ein slik situasjon, for å lette kostnader og tidsbruk for næringslivet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse