Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
13 april 2020 18:35
Del på Facebook
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Sp
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av: Kristin Sørheim (Sp), leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke

Vent med liberalisering av drosjenæringa!

Regjeringa, med samferdselsministeren frå FrP i spissen, vedtok å liberalisere drosjenæringa i landet, med verknad frå 1. juli 2020.

Møre og Romsdal fylkeskommunen gjekk imot denne lovendringa. Grunnen var at fleirtalet både i førre og sitjande fylkesting meinte at drosjenæringa var ganske godt organisert som ho var. Med mindre justeringar ville næringa kunne fungere enda betre. Vi såg for oss at drosjenæringa skulle vere ein viktig del av det samla kollektivtilbodet i fylket, der bussruter med svært få passasjerar kunne erstattast med bestillingsdrosje og gje eit betre og meir fleksibelt tilbod. Også i ei framtid med meir autonome køyretøy vil drosjenæringa kunne ha ei viktig rolle. Med fri konkurranse i ein liten marknad, utan krav til køyreplikt og utan organisering gjennom sentralar, vurderte vi at eit slikt frislepp ville føre til konkursar i næringa. Etter kvart ville vi kunne få eit «ikkje-tilbod» i store deler av fylket. Vi meinte og det ville opne for dårlegare lønns- og arbeidsvilkår i næringa. Særleg vil distriktskommunane risikere å miste tilbodet.

Drosjenæringa tek vare på eit viktig samfunnsoppdrag. Dei skal vere tilgjengeleg heile døgnet og over heile landet når det trengst køyring, anten det er til skule, til pasientreiser eller til andre nødvendige oppdrag. Som Anne Haabeth Rygg i Oslo Høyre skriv i Nettavisen 28.mrs, etter koronakrisa: «Vi tar for gitt at de aldri er langt unna når vi trenger dem». Da er ikkje frislepp og fleire løyve svaret, og det ser vi særleg i denne krisetida. Difor har Møre og Romsdal fylkeskommune – og dei andre fylkeskommunane – bede om at fristen for frislepp vert utsett. Mellom mange andre saker som kjem i bakgrunnen i desse koronatidene, er også førebuinga til å setje i verk denne reforma.

Drosjenæringa fungerer, den trengst i beredskapssamanheng, den trengst over heile landet, til ei kvar tid. Da trengst regulering. Det er ein av fleire lærdommar vi kan ta inn over oss no. FrP har sagt dei vil vurdere utsetjing. Det bør eit fleirtal på Stortinget også gå inn for, og så går det a å vurdere om heile reforma faktisk er feil!

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrJeg stoler på ditt referat. Eller er det noe viktig du har utelatt? På samme måte har det også vært ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøDu har to alternativ: meld deg inn i fb gruppa, eller be SVV om å få ein kopi av ppt.-presentasjonen ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrPå samme måte har det også vært forslag om å flytte fergeleiet bort fra sentrum av Molde. Det blir nok ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøSVV har hatt oppstartsmøte med Vestnes kommune det dei skal oppgradere kaianlegget på Furneset, inkludert trinn 2 der kai nummer ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDu er klar over at du linker til en internettside som krever medlemskap hos Facebook? Altså ikke åpen tilgjengelig for ...
Bjørn Arild Reed Jacobsen 9 timer siden Framtidens teknologi med Møreaksen
@Terje SundsbøTerje Sundsbø, du har en tendens til å komme meg i forkjøpet . Skulle akkurat til å stive det samme ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse