Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
22 april 2020 14:35
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hadde eg også hatt eit så greinalaust partiprogram som det MDG har, så hadde eg også hardnakka fornekta dette.

Gruppeleiaren i MDG i fylkestinget hevda underteikna kjem med løgn og usannheter om MDG sin politikk, då eg i fylkestinget hevda at MDG var imot olje og gassnæringa, og at dei var imot forbruk av kjøtt, såkalla «kjøttskam».

Sjikane vart det omtalt, når eg ordrett las ifrå MDG sitt partiprogram.

At ein kan bli hissig av å lese dette partiprogrammet gjelder nok dei fleste, men litt spesielt vart det når MDG sin eigen gruppeleiar i fylkestinget også reagerte.

På side 10 i partiprogrammet til MDG står det faktisk:

MDG vil–
«Stanse opning av nye olje- og gassfelt på norsk sokkel og starte ei gradvis og plan- messig utfasing av petroleumsverksemd over ei 15-årsperiode».

Med andre ord, MDG ynskjer ei avvikling av olje og gassnæringa i Norge, med dei enorme negative konsekvensane dette vil få for Norsk økonomi og tapet av hundredetusenvis av arbeidsplassar.

Samtidig hevda MDG representanten at dei ikkje var imot Oljefondet, naturleg nok når dei ynskjer å tømme fonda utan å fylle på igjen med nye inntekter.

Korleis har MDG tenkt å erstatte dei mellom 25-30000 arbeidsplassane som er i olje og gassnæringen berre her i Møre og Romsdal? – sikkert med å forby fossilt drivstoff, forby kjøtt, forby flytrafikk, bilskam eller noko anna klimahysteri, men det blir ikkje verken meir pengar eller fleire arbeidsplassar av dette!

På side 11 i programmet til MDG står det:

MDG vil–
«Starte utfasing av alle typer fossil energibruk i Noreg i løpet av stortingsperioda».

Jadå, dette partiet er verkeleg glade i olje og gassnæringa?

I partiprogrammet til MDG står følgjande ang kjøtt:

«Stimulere til eit meir vegetarisk kosthald og redusere kjøtforbruket».

Også her har tydeligvis ikkje MDG her i fylket lest sitt eige partiprogram, og fornektar at dette også er omtalt som «kjøttskam» i ulike medier og i debattar - og at dette egentlig er eit direkte angrep frå MDG på vår eiga landbruksnæring.

Vårt fylke Møre og Romsdal er landets største eksportfylke med nokre av landets sterkaste miljø innan mange viktige næringsområder.

Dagens krisesituasjon ang Coronasituasjonen har ført til tøffe tider for olje og gassnæringa og no trenger vi sterk støtte til denne svært viktige næringa her i fylket.

Kvifor MDG finnast i nærings og olje og gassfylke Møre og Romsdal bør nokon snart forklare meg, spesielt når dei i fylkestinget denne veka stemte imot all støtte til olje og gassnæringa.

Då lever ivertfall eg svært godt med at MDG sin representant i fylkestinget såg både «grønt og rødt», når eg las frå MDG sitt partiprogram.

I dag er det krisesituasjon her i landet, flytrafikken står på bakken, ferjetrafikken kraftig redusert, biltrafikken og kollektivtrafikken like så – krise er det i olje og gassnæringa, og store delar av arbeidsstokken her i landet er permitert.

Nærmar vi oss no sansynlegvis virkeligheita av det som sikkert ville vere ein normal MDG verden dersom dette partiet skulle kome i nærheita av regjeringsmakt?

Uansett må dette partiet no snart bli utfordra på korleis velferdsstaten vår skal kunne ivaretakast og utviklast i framtida, dersom det meste skal verte forbudt og «skam meg her og skam meg der» skal råde.

Eg lever godt med at MDG representanten i fylkestinget er sur på meg – Ivertfall når grunnlaget er at dei ikkje toler å høyre sanninga om sin eigen politikk!

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 9 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse