Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
09 mai 2020 23:25
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Helge Orten og co har gjennom sin iver og sitt undersjøiske tunellsyn for kun eit prosjekt Møreaksen, sett fylket 10 år attende samferdselsmessig.

Møre og Romsdal har hatt leiaren i transportkomiteen i denne Stortingsperioden, og dette er det viktigaste vervet for å skape aktivitet innan samferdsel i fylka.

Ikkje ein cm veg er bygd, og dette er resultatet av at spesielt Høgre og Orten har på inn og utpust kun framsnakka Møreaksen.

Dette har tydeligvis vore taktikken for å hindre at andre prosjekt her i fylket skulle starte opp, og såleis kunne risikere å ta midlane vekk frå Møreaksen.

I debatt etter debatt, innlegg etter innlegg, høyringar etter høyringar har Møreaksen forkjemparane skvisa alt av andre viktige samferdselssaker her i fylket, og har klart å stoppa oppstarta av dei store prosjekta på eksportvegen vår E-136.

Vel vitande om at dersom dei 4,43 milliard kr til prosjekt som står i fyrste delen av gjeldande NTP her i fylket ikkje vart igangsatt, ville dei få muligheita til å «knabbe» alle pengane i NTP til Møreaksen.

Når vi til dømes høyrer på den reelle leiaren i Høgre her i fylket Torgeir Dahl i sin debatt ang ny NTP, så dreiar absolutt alt seg om Møreaksen, og kun Møreaksen.

Kva dersom alle andre i fylket kun skulle sjå sin eigen navle, kva hadde skjedd med samferdselsfylket då?

Når vi no også opplever at Helge Orten som leiarar av Transportkomiteen på Stortinget, kun frontar Møreaksen som står uprioriterte med kun 6 milliard kr i perioden 2024-2029 og såleis milevis unna realisme, samt heilt uprioriterte bypakkar i Ålesund og Molde til meir en 5-6 milliard, forstår alle grunnen til at det dei siste 4 åra ikkje er bygd ein cm riksveg her i fylket.

Møreaksen er ei katastrofe for samferdselsfylket Møre og Romsdal.

Dette prosjektet har sett fylket 10 år attende, og fylket ligger bakerst i køa for oppstart av vegprosjekt her i landet.

Statens vegvesen Region midt har også stort sett hatt Møreaksen som sitt hovudfokus, det same gjelder fylkesrådmannen.

Kva som egentlig ligger bak at desse også er inne i dette «Møreaksenmiljøet» forundrar mange.

Får Møreaksen forkjemparane gjennomslag for oppstart i nær framtid, vil Møreaksen ta alle samferdselskroner her i fylket dei 10-15 neste åra, med sitt gigantbeløp på 25-30 000 000 000 kr.

Alle forstår då at andre prosjekt her i fylket berre kan gløyme å kunne få midlar til oppstart, og Helge Orten kan sole seg i glansen for tidenes dyraste lokalvei til øya si.

Dersom ikkje innbyggjarane og politikarane i alle kommunar her i fylket snart våkner skikkeleg, vil dette gå skikkeleg gale.

Kryssing av Romsdalsfjorden skal vi utgreie, men då med ei grundig og upartisk utgreiing av Romsdalsaksen.

Statens vegvesen region midt som har utført vurderingar til no, har like stor truverdigheit til å utgreie Romsdalsaksen som, reven som hønsepassar i hønsegården.

At fleirtalet i fylket har teke vekk ordet Møreaksen frå NTP høyringa i samferdselsutvalget, bør vere starten på slutten for å nevne Møreaksen i alle samanhengar i framtida.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 18 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse