Det har i alle fall NVE halde fast ved når det gjeld vindkraftverk på Haramsøya.
Problemet blir då å argumenter mot ein instans som kan vedta åleine at fordelane er vesentleg større enn ulempene utan noko tal. Og kven kan eigentleg sette kroneverdi på natur, økosystem, fugleliv, kulturminner, frluftsliv? Og når samfunnet skal ha forteneste, kor mykje er enkeltmenneske verdt? Kor mykje er små lokalsamfunn verdt? «Uvurderleg» vil somme svare, «uvesentleg» vil kanskje andre meine.
Vi slepp likevel ikkje unna å forhalde oss til harde fakta og tal. Det er heilt nødvendig for å ta avgjersler. Også når det på høgste hald blir uttrykt forståing for at sterke kjensler er involvert. Underforstått at kjensler styrer dei uvitande?
Fakta og tal som vi i alle fall kan finne er at når NVE tildelte konsesjonen i 2008 skulle Haram Kraft med sin forventa produksjon på 200 GWh bidra til å nå Regjeringa si målsetting om 40 TWh ny fornybar energiprodukson og energieffektivisering. (Energieffektivisering verkar for øvrig å ha kome noko i bakgrunnen seinare år). Og : «NVE har etter en samlet vurdering funnet at de samfunnsmessige fordeler som vinnes ved vindkraftverket utvilsomt må antas å være overveiende i forhold til de skader og ulemper som påføres andre»
Konsesjonen vart endra i 2014. I tillegg til utsatt frist, vart tiltaket halvert. Altså halvert produksjon, ikkje halverte inngrep. Det er ingenting som tyder på at NVE foretok ei ny vurdering av om fordelane fortsatt var «overveiende» etter dette. I 2018 vart det godkjent endra nettilknytting slik at kabelen til fastlandet ikkje lenger har betydning for forsyningssikkerheita til øyane. Noko som opprinneleg var eit vesentleg poeng. Det var ikkje noko høyring i samanheng med noko av desse konsesjonsendringane . Dette kan vel neppe kallast opne og demokratiske prosessar?
Sjølv energilova - som mange opplever som eit verktøy for statleg overtramp - krev etter §1-1 at anlegget er samfunnsøkonomisk rasjonelt å utbygge. Ein kan spør seg korleis dette prosjektet på noko tidspunkt kunne komme inn under den kategorien. Og eit enda større spørsmålteikn ved at det fortsatt er der.
Dette er berre litt av det som skurrer ved denne konsesjonen. Men er det ikkje samfunnsnyttig, så kan det ikkje vere verdt alle tapa som ikkje kan målast i pengar heller.
Denne veka har OED og NVE ei muligheit til å gjenopprette i alle fall litt av tilliten. Eg håper inderleg at feila som Nei til vindkraftverk på Haramsøya gjennom sin advokat har påpeika i brevet til OED blir vurdert objektivt og tatt til følge. Og at det ikkje blir handtert med eit mål om kun å forsvare tidlegare vedtak. Kan låne ein fornuftig regel, knytta til natur det også : Vend i tide, det er inga skam å snu.
Av: Lisbeth Austnes, Longva