Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Ingrid Fiskaa, SV
Ytring
12 august 2020 11:50
Del på Facebook
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

ingrid fiskaaIngrid Fiskaa, medlem av programkomiteen i SV

Klimasmart

Klimaangsten min hadde eit førebels toppunkt under tørkesommaren for to år sidan. Eg låg vaken dei alt for varme nettene og frykta øydeleggande brannar. Tørr grasplen var ein konstant påminnar om at noko er feil. Nokre sekunds mangel på fuglekvitter eller ein uventa blome – som ikkje brukar å vera akkurat der – kunne få meg til å tenka at enden er nær.

Denne sommaren har eg kjent på ei liknande kjensle: Natursorg. Eg har vore i fleire av naturområda der nedbygginga er i gang eller har fått godkjenning. Eg har møtt menneske som bur der, som kjenner stiane og veit kor hubroen hekkar, og som brukar området dagleg – til å kopla av, henta seg inn, få tankane på rett spor. No skal det erstattast av breie anleggsvegar og oppstillingsplassar på minst ein halv fotballbane per turbin.

Vindkraftutbygginga tar enorme areal og skjer i eit grassat tempo. Ho er gjort mogleg av prosessar der verken lokalkunnskap eller faglege råd blir lytta til. Staten viser sitt styggaste ansikt, som maktmiddel for storkapitalen, og trør lokalsamfunn under hælen. Men det som skurrar aller mest, er at det skjer i klimakampens namn. Korleis hamna me her?

Naomi Klein peikar i boka On fire på ei viktig forklaring: Uflaks med politiske konjunkturar. Klimaendringane kom på den politiske dagsordenen på det verst tenkelege tidspunktet. Klimakrisa er ei utfordring som krev felles handling og politisk styring. Men på slutten av 80-talet var i staden nyliberalismen på frammarsj; kapitalismen var einerådande som økonomisk system og menneska skulle realisera seg gjennom forbruk.

Dei vanlegaste forklaringane på kvifor den globale oppvarminga har halde fram trass i solid kunnskap om årsaker og samanhengar, handlar om eit gjenstridig folk. Me vil ikkje gi opp velstanden vår, og me vil ikkje røysta på parti som ønskjer å redusera utsleppa. Valperiodane er for korte til at dei folkevalde kan få utretta noko før dei igjen møter folkets dom.

 Det er ei forteljing som utelet det viktigaste: kapitalismen. Me held oss altså med eit økonomisk system med innebygd tvang til vekst, der eigarskap og makt er samla på få hender, og der menneske og natur er redusert til middel for å oppnå profitt for desse få. Når klimautsleppa aukar, er det fordi dette mindretalet har for mykje makt, og set kortsiktig økonomisk gevinst framfor alt anna. Ikkje fordi menneska som art er for dumme.

Etter kvart har smarte kapitalistar innsett at klimakrisa også er ein trugsel mot dei sjølv. Det logiske er jo å ta eit oppgjer med systemet og maktforholda som skaper problemet. I staden skal me bli overtydde om at det er nok å erstatta fossil med fornybar energi, og elles halda fram som før. For å få dette til, må det lagast eit teoretisk skilje mellom klima og natur, der klimatiltak er overordna andre omsyn.

Denne tankegangen finst også i miljørørsla og på venstresida. Dårleg tid-argumentet blir brukt for å rettferdiggjera løysingar som ein elles ville vore imot, anten det er nedbygging av natur eller usosiale avgifter. Problemet med ein slik strategi er at det svekker klimakampen. Det vender blikket og kreftene vekk frå årsakene til klimakrisa, og det skaper motkrefter blant menneska som blir utsett for dette "grøne skiftet".

Ein ting er å bli hersa med av dei utilslørt grådige. Endå verre er det når dei påstår å villa redda verda. Både klimaangst og natursorg er kjensler me bør ta på alvor, og ein politisk strategi som isolerer klima frå alt anna er både dum og farleg.

Av: Ingrid Fiskaa,
medlem av programkomiteen i SV

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøSlik stoda er så opnar ikkje NTP for dette prosjektet I si noverande form,  ref krav om forenkling. Der er ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Anne Mari SandshamnAlle meningsmålinger viser et stort flertall for fergefri kryssing av Romsdalsfjorden. Folket ønsker ikke ferge. Det er ikke mer behov ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrJeg registrerer du misliker mine referanser til likebehandling og synes det minner om fogderistrid.Fjordkryssingen av Møreaksen med en undersjøisk tunnel ...
Bjørn Nøstvold 1 dager siden Interimsstyre i Vestland INP
Politikken er det aller viktigste, og den skal INP jobbe for.Da må alle tillitsvalgte ha det i tankene. Dette er jeg ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøSlik du framfører kravet minner om fogderistrid.Det er legitimt å stå opp for slike ønsker.Så må der gjerast balansering av ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrBetyr det at du anser utsagn om likebehandling som fogderistrid?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse