Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
24 september 2020 09:59
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sp førte i penn kuttforslaga der den vidaregåande skulen i Vanylven vart lagt ned, og distriktsskulane kutta med 33 mill kr.

Sp gjekk til valg på å vere garantisten for distriktsskulane, ingen vidaregåande skular skulle leggjast ned, og det vart lova satsing på skuletilbodet i distrikta i heile fylket.

Aldri tidligare har Møre og Romsdal sine ungdommar opplevd større kutt og negativitet ikring sine studietilbod, og aldri har ein opplevd større løftebrudd , der det desentraliserte skuletilbodet her i fylket, vert forsøkt øydelagt av Sp og resten av dei raud/grøne partia pluss Høgre.

Og verre ser det ut til å bli, då sentraliseringsdronningane i Senterpartiet har varsla at kutta skal fortsette, sjølv om fylket har vassa i pengar med snart Norgesrekord i overskot med heile 313,5 mill kr.

Her er tabellen for kutta som er planlagt og vedtekne innan vidaregåande skular, rett og slett ekstremt dramatisk og vil føre til fleire nedleggelser, og kutt i distriktsskulane og ei voldsom sentralisering til byane.

Tabell over planlagte kutt.

Mengder med elevar har måtte flytta på hybel, og verre skal det bli dersom Sp får vilja si.

Neste år skal kutta innan dei vidaregåande skulane doblast til heile 71 mill kr.

Mengder med lærerstillinger i heile fylket vert kutta, og elevane sitt skuletilbod raserer vekk i distrikta.

Samtidig vert det viktigare å prioritere Opera, bypakkar til hundrevis av mill , og ein svulmende overadministrert fylkesadministrasjonen der ein snart må stille Spørsmålet, om innbyggjarane er til for fylket og ikkje omvendt slik det faktisk skal vere.

FrP fremma ilag med andre parti alternativt budsjett med økonomiplan, som synliggjorde at det ikkje er nødvendig å rasere tjenestetilbudet i dei vidaregåande skulane.

Vi var sikre på at Sp og fleirtalet tok feil, når dei meinte at «fylkeskommunen var sveltefora» noko vi på ein meget klar måte fekk rett i.

Fylket gjekk ikkje i minus, men med 313,5 mill kr i pluss.

Vist er det krevjandes tider midt opp i korona pandemien, men fylket ser ut til å klare seg godt og kjem heilt sikkert ut med eit overskot i drifta i 2020 også.

Derfor meiner vi i FrP at det viktigaste vi har her i fylket er ungdommane våre, dei er framtida til vårt fylke.

Vi kjem til å kjempe for dei vidaregåande skulane og for ungdommen vår her i fylket, og prioritere dette fyrst!

Kva skal vi med Møre og Romsdal fylkeskommune, når Sp og fleirtalet sviktar det aller viktigaste, sine eigne ungdommar.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 15 timer siden Demokratiets veivalg
Møreaksen fjerner de virkelige flaskehalsene på våre veier - fergene. Gratis og døgnåpne veier er ikke i nærheten så store ...
Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 8 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 8 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 12 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 14 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse