Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Lars Valderhaug
Ytring
22 november 2020 12:27
Del på Facebook
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vart konklusjonen om at to sjukehus skulle bli til eitt konsekvensutgreidd og kvalitetssikra, eller starta ein ukritisk med konklusjonen? Har alt det etterfylgjande berre blitt forsøk på å tilpasse og legitimere denne konklusjonen? Har ein starta i feil ende? Det er då 100 grunnar til å oppretthalde eit sjukehus i både Kristiansund og Molde. Men då ville vel ikkje Hjelset bli vald?  

Når det gjeld tidspunkt og omfang av inngådde kontraktar med Skanska, vart dette gjort med tanke på å «sikre» prosjektet forbi «the Point of no Return»? Har ein bunde seg sjølv på hender og føter? Men med den annonserte uspesifiserte kostnadsmessige kjempesprekken er det no likevel tid for å revurdere heile saka, og ikkje berre ta ein ny time-out. Sjølvsagt er alt framleis mogeleg. Enno. Men kva er alternativa?

Vegtrasear skal ivareta behovet for både gjennomfart og lokal trafikk. For E39 må vi ikkje undervurdere behovet for gjennomfart og koordinering med andre hovudvegar, som tilknyting til E6. Då kjem vi ikkje utanom Romsdalsaksen. Lokal trafikk bør gå på lokale vegar med optimal tilknyting til hovudvegar, som ikkje bør gå gjennom tettbygde strøk, jfr blemma i Steinkjer, som fekk spitslagordet: «Steinkjer - ingen vei utenom.» Av omsyn til pasienttryggleik bør vegen mellom sjukehus vere så rask som mogeleg for pasientoverføringar. Og raskaste veg mellom sjukehusa i Ålesund og på Hjelset går via Romsdalsaksen, utanom tettbygde strøk. 

I tillegg kan vegtraséar påverke pasientgrunnlaget ved sjukehusa. Dette ser vi om vi inkluderer Romsdalsaksen i E39 sin trasé. Dette vil gjere at bebuarane i Vestnes og Rauma får raskaste og tryggaste veg til sjukehus, som då blir nyesjukehuset på Hjelset. Fergefritt samband over Langfjorden vil bidra til dette for Rauma. Det er vel ingen grunn til å velje ein mindre effektiv trasé mellom Vestnes/Rauma og Molde for å oppretthalde planane om at Vestnes og Rauma skal liggje under Ålesund sjukehus? Det trur eg heller ikkje ålesundarane meiner. Utviklinga i folketalet i fogderia tyder ikkje akkurat på at dette sjukehuset skal få for få pasientar i framtida, jamvel med Volda sjukehus i drift. Å tvile på statusen til Ålesund sjukehus er det vel heller få som gjer.

Men kva med Kristiansund sjukehus? Eg kunne brukt dette innlegget berre til å ramse opp gode grunnar til at dette sjukehuset bør oppretthaldast. Berre eitt døme skal nemnast her: Ved nedleggjing av den lenge seigpinte fødeavdelinga Kristiansund vil Møre og Romsdal miste fødekvinner i aukande grad til Trøndelag, jamvel om trønderane har nok med sine eigne. 

Med Kristiansund sjukehus i drift bør kabalen gå opp, jamvel med tilgang til nye pasientgrupper som får kortare reiseveg til Molde/Hjelset, og store problem med å finansiere sjukehuset på Hjelset. Løysinga er å byggje mindre til eit lågare folketal. Dette blir då eit sjukehus primært for Romsdal. Kvifor då ikkje plassere det nærare bykjerna? Er det for seint? Er vi no forbi «the Point of no Return»? Dette avheng av om helseministeren er lydhør for misnøya med det nye sjukehuset, og korleis han vurderer den kostnadsmessige situasjonen. Og då er det ikkje tid for våre politikarar til å sitje stille i båten! Dei må no fylgje nøye med på kva overskridingar det er tale om, og agere i tråd med det. 

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er ei løysing som få primært ynskjer. Høyrer du, styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen? Kva med deg, helseminister Bent Høie? Dette er det ulykkelege resultatet av ein forhasta og lite grunngjeve konklusjon om at to sjukehus skulle bli eitt, der lokaliseringa vart sett i fokus frå første stund for å vinne krigen om kvar sjukehuset skulle byggjast, i staden for ein debatt om dette var ei ynskjeleg løysing.

No får Molde ny veg Lønset-Hjelset. Statens vegvesen er tydelegvis samde med moldensarane om at det er svært viktig at denne vegen er klar til åpninga av nyesjukehuset. Altså ikkje primært som lekk i E39, for den trafikken skal då visst hovudsakleg til Molde, ifylgje Statens vegvesen og Møreaksen AS, men som lokal sjukehusveg for moldensarane. Og denne strekninga treng ei oppgradering. Men ein tilsvarande entusiasme for å utbetre den mykje lenger sjukehusvegen frå Kristiansund har glimra med sitt fråver. Og hugs: Dette er ikkje berre vegen til nytt sjukehus på Hjelset, men ein hovudveg for alle føremål. 

Som Nye Molde Sjukehus er det planlagde sjukehuset stort nok. Som Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir det no alt for lite. Derfor: Bygg eit Nye Molde Sjukehus på Eikrem, og la nordmøringane få behalde sitt kjære sjukehus i Kristiansund. Dermed skulle alle bli nøgde, og grunnlaget for eit samliv er gjenoppretta.

Johan Arnt Vatnan er leiar i prosjektstyret for SNR. Han var konserndirektør i Skanska Norge AS 2010-2012. Han er no utbyggjingsdirektør i Nye Veier AS. Vi har nokre Tordenskiolds soldatar i Noreg, jfr konglomeratet av maktpersonar rundt Møreaksen. Vi får tru Vatnan ikkje ser seg tent med at Vestnes og Rauma framleis skal sokne til Ålesund, og at dette ikkje reduserer hans motivasjon for at Romsdalsaksen skal få ein reell sjanse til å vise at den er eit betre alternativ enn Møreaksen, og kostnadsmessig det mest realistiske alternativet for fergefri kryssing av Moldefjorden/Romsdalsfjorden.  

Felles prosjekt som sjukehus og vegbyggjing sameinar og bind ofte saman. Men prosjekt som er så kontroversielle som sjukehussaka og aksesaka står i fare for å splitte og øydeleggje, særleg når alle ulempene etter kvart kjem til syne. Dette er ein faktor som eg ikkje trur utbyggjarane ofrar ein einaste tanke. For dette er tankar som politikarane våre burde ha tenkt. Er det for seint for Møre og Romsdal? Dei fleste av oss er vel motstandarar av tvangsekteskap, og ynskjer at ekteskap skal vere bygde på ekte kjærleik og felles goder. I ekteskapet vårt har det vore mykje krangling og kiving basert på egoisme som motarbeider fellesskapet. Går det mot separasjon?

Eg avsluttar med eit utsegn som eg nytta overfor eit kommunestyre i ein annan byggjeprosess: Eg vil heller ha ei god løysing enn ei rask løysing. For dette dreier seg om svært langsiktige løysingar som vil få stor betydning for framtidige generasjonar. For å kunne optimalisere dei vala vi står overfor må vi vere åpne for ny teknologi og nye idear, vi må ta av oss blindemaska, og vi må aldri seie: «Sagt er sagt».

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 2 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu må adressere dette hos andre.
Terje Sundsbø 5 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrPå Møreaksen betaler bilistene bompenger, på jernbane betaler passasjerene billett. Mitt spørsmål gjelder fortsatt:Hvorfor behandles lokal forankring og finansiering ulikt ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 19 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Geir Ole Sætremyr 20 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu har I ein tidlegare kommentar uttalt at eg ikkje er forankra I Naturvernforbundet.  Då har eg utfordra deg til ...
Anne Mari Sandshamn 20 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøSå klart Skålavegen er et fergeavløsning! Den erstattet en fergerute, ikke sant?  
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse