Møreaksen må vere Norges mest miljøfiendtlige prosjekt, der ein ynskjer å bygge eit nytt Ørskogfjell under fjorden, der tonnevis av CO2 og anna miljøutslipp blir resultatet.
Møre og Romsdal fylke har vedteke i sin fylkesplanen at fylket skal vere «miljøfylke nr. 1» og der utsleppa skal kraftig reduserast dei 10 neste åra.
Både Ap, Sp og Høgre ivra for denne planen, og sprang om kapp og sloss om talerstolen for å vere mest og best miljømessig.
Dei same partia viser klart og tydelig at dei i realiteten gjev blaffen i miljøet i Møre og Romsdal, når dei framsnakke og ynskjer det svært miljøfiendtlige prosjektet Møreaksen bygd.
Kvar ungdomspartia til desse partia er veit ingen, for miljø bryr ivertfall ikkje desse seg om når Møreaksen forkjemparane berre får ture fram.
Vi får sette vår lit til at Nye veier as får strekninga Ålesund–Molde inn i sin portefølje, for dei er ikkje så tjukk i haudet at dei bygg eit nytt Ørskogfjell under fjorden.
Så folket i heile Møre og Romsdal må reise seg i protest mot Møreaksen, også med tanke på at prosjektet er planlagd rett igjennom Molde by, noko som vil øydeleggje byen.
FrP vil ikkje bruke mange titals milliard Kr på Møreaksen, ein miljøfiendtlig vegprosjekt som landet aldri har sett maken til, og eit prosjekt der bilistane skal tvingast fleire hundre meter under havflata og pressast igjennom Molde by.
Ap, Sp og Høgre er «Møreaksenpartia» som ikkje lyttar til folkets vilje i Møre og Romsdal, då bør folket svare på dette, ved å ikkje gje dei støtte ved Stortingsvalget neste år.