fbpx
Annonse
Annonse
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Når Ap og Per Vidar Kjølmoen no står fram og skal liksom halvere ferjeprisane, blir dette bortimot politisk svindel.

Kjølmoen sitt Ap, samt Sp og Høgre her i fylket har stått bak vedtaka som no sender ferjeprisane her i fylket til himmels, i ein situasjon med nesten Norgesrekord i fylkeskommunalt overskot i drifta, blir dette aldeles greinalaust.

Dei fleste ferjesamband her i fylket får no ca. 30 prosent auke i ferjeprisane, og Kjølmoen og co kuttar også ferjetilbud rundt om i fylket med ytterlegare 20 mill kr.

Samtidig lever fylkeskommunen «i sus og i dus» med gedigne overskot, og der Ap, Sp og Høgre har råda til å bruke 360 mill kr på Opera og bypakkar, områder som ikkje er fylket sitt ansvar.

Når andre fremmar framlegg i fylkestinget om kutt i ferjetakstane, omtalar Per Vidar Kjølmoen dette i store ordelag som useriøst.

Det som verkeleg er useriøst og eit direkte forsøk på politisk svindel, når Ap og Kjølmoen, seier ein ting i media, og gjer stikk motsatt i praksis som leiar av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei styrande partia i fylkeskommunen , Sp, Ap og Høgre, har stemt imot FrP sine framlegg om kutt i ferjetakstane i snart 2 år, og dei innfører Autopassdirektivet heilt unødvendig og veltar kostnadane for ferjedrifta over på bilistane.

Ærligheit i politikken, og stå for det ein gjer og ikkje berre det ein seier, er det viktigaste innbyggjarane måler politikarane etter.

Og, då kan ikkje politisk svindel slik Kjølmoen bedriver aksepterast.

Kjølmoen, fei for eiga dør i fylkeskommunen, og sett ned ferjeprisane tvert, fylket har både råda og økonomisk evne til dette.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet over.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte