Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Terje Albregtsen
Ytring
18 januar 2021 08:57
Del på Facebook
Illustrasjon: Helse Midt-Norge
Illustrasjon: Helse Midt-Norge
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal (HMR) har brukt årevis på først ikkje å få bygd nye sjukehus i Kristiansund og Molde, etterpå ikkje koma i gang med bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal; fellessjukehuset på Hjelset i Molde kommune, og i den tida å bruke 600 millionar kroner (truleg meir, trur eg) berre til å planlegge det som skulle bli eit akuttsjukehus langt inne i skogen. Det skal mange store og små direktørar til for slikt.

I mellomtida har begge sjukehusa i Kristiansund og Molde hatt sine fødeavdelingar, men med barneavdeling berre i Kristiansund.

Så har det brått blitt vanskeleg for HMR å drive dei to fødeavdelingane – samtidig med at dei har vanskar med å bruke alle pengane på å planlegge det fellessjukehuset som ikkje heilt ser ut til å gli inn i fellesskapet.

Det var då løysinga blei å drifte dei to fødeavdelingane to veker på kvar stad; som øyhopping for fødande. Stortinget fatta vedtak og tok ansvar. Med så raske skifte har eg undra meg på korleis dei fødande løyste saka for HMR om ein fødsel tok for mange timar midt i eit bybyte. Slikt kunne ikkje dei arme små direktørane og gynekologane tåle. Då kom «Den endelege løysinga».

Med ei overraskande kunngjering i direktesendt TV frå Molde torg, fekk allmugen i Møre og Romsdal vite at HMR straks kom til å avvikle det delte fødetilbodet, og at alle fødande frå Nordmøre og Romsdal heretter må til Molde sjukehus. Direktøren for helseføretaket hadde tatt ansvar, sa han, utan å spørre Stortinget.

Det skjer samtidig med at ingen veit om det blir eit fellessjukehus langt inne i skogen i Molde kommune, og samtidig med at ingen har avgjort at det ikkje skal vere eit fødetilbod i Kristiansund den dagen det nye akuttsjukehuset i Molde blir bygd ein eller anna stad – i bygd eller i by. Den dagen har Kristiansund etter gjeldande plan eit distriktsmedisinsk senter. Veit alle kva det er?

Kven var støttespelarar for føretaksdirektøren, då han kom med si kunngjering til ein mikrofon og eit TV-kamera på Molde torg? Sjølvsagt Molde kommune sin Høgre-ordførar.

Og kven vart intervjua med spørsmål om det var rett avgjerd som var tatt av direktøren, når Stortinget har fatta vedtak om at dei to byane skal ha kvar sine skiftesvise fødetilbod fram til at fellessjukehuset skal stå ferdig? Sjølvsagt var det leiaren i samferdselskomiteen på Stortinget, Høgre sin representant Helge Orten, frå Molde.

Då hjelper det ikkje at Ap-ordføraren i Kristiansund er så sint at han må bite tennene saman for ikkje å skrike. Han er ikkje i Høgre. Han har ikkje gått inn for å bygge motorvegen Møreaksen på E39 mellom Molde og Ålesund, og forlenging til fellessjukehuset, saman med Molde-ordføraren. Han har ikkje spadd opp tomta til fellessjukehuset i Molde; den byggetomta som kan ende opp som eit hol med motorveg til. Nei, han er då berre ordførar i Kristiansund, og attpåtil ikkje i Høgre.

Ei flytta fødeavdeling, eit forsmådd folk, mange avviste kommunar, ein nedvurdert region; alt det, og meir til, ikkje berre i helsesamanheng og fødetilbod, kan vere det som i neste omgang avgjer framtida til eit heilt fylke. Møre og Romsdal kan fort gå i oppløysing.

Om ein stor og tung del av Nordmøre søker seg over til Trøndelag etter slik ein sjukehusstrid, så undrar eg meg på kva desse nemnte Høgre-folka trur at det blir att av det splitta fylket Møre og Romsdal. Skal Høgre-politikarane i Molde bli med til Trøndelag, for å bli ein utkant rett vest i Trøndelag fylke, eller skal dei hamne i Vestland, for å bli den nordlegaste utkanten i Vestland fylke. Det blir ikkje mykje å skryte av nokre av dei alternativa.

Det hadde vore betre om Høgrefolk i Molde hadde vist seg litt mindre som sunnmøringar overfor naboane på Nordmøre.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDette er politikk gjennom Regjering og Storting.Det er ikkje noko Naturvernforbundet arbeider med, men vi registrerer kva rammeverk som er ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet. Er det vanlig praksis i Naturvernforbundet?
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu må adressere dette hos andre.
Terje Sundsbø 2 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrPå Møreaksen betaler bilistene bompenger, på jernbane betaler passasjerene billett. Mitt spørsmål gjelder fortsatt:Hvorfor behandles lokal forankring og finansiering ulikt ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse