Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Foto: NTB
Foto: NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Trym Enaasen skriv i eit innlegg 22. april at han ynskjer seg valfritt sidemål, eller valfritt nynorsk, i skulen. Er det rett veg å gå?

Eg er sjølv éin av om lag 600.000 nynorskbrukarar. Nynorsk er ein del av min og vår identitet, kultur og vårt samfunn. Difor er det viktig at alle har obligatorisk sidemål, og soleis lærer seg begge skriftsspråka – det er valfridom i praksis! For det er fyrst når ein kan begge språka at ein kan velje kva ein sjølv ynskjer å nytte.

Enaasen tek opp fleire ting i innlegget, og eg ynskjer å svare på nokon av dei:

1 Sidemål er ikkje lik nynorsk

I innlegget til Enaasen blir sidemål og nynorsk mest synonymt, men slik er det ikkje. Sjølv om fleirtalet av den norske befolkninga har nynorsk som sidemål, så er ikkje sidemål og nynorsk det same. Til dømes er mitt sidemål er bokmål. Det er respektlaust å ikkje skilje mellom dette.

2 Nynorsk og bokmål er jamstilte

Enaasen tek også opp jamstillingavedtaket. Sjølv om nynorsk og bokmål har vore likestilt i 136 år, vil det sei at språka faktisk er likestilt? Er det det same å lese eller skrive ein tekst på bokmål eller nynorsk? Er det likegyldig om ein er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar?

Eg er sjølv nynorskbrukar, og kan stadfeste at det ikkje er slik at det alltid er enkelt.

3 Ein får bruk for begge språka

Det stemmer ikkje at ein ikkje får bruk for sidemålet sitt i kvardagen.

Uavhengig av kva ein skal jobbe med etter ein er ferdig på skulen, så kjem ein til å møte på begge skriftsspråka. Alle er nøydd til å følgje mållova, anten ein skal bli lege eller mekanikar.

4 Skal vi velje bort kunnskap?

Det bør ikkje bli slik at ein skal kunne velje bort delar av fag fordi ein tykkjer det er vanskeleg. Sjølv om matematikk og naturfag ikkje er favorittfaga mine, tyder ikkje det at eg berre kan velje å ikkje ha dei faga. Å velje bort kunnskap for å byte det inn i dumskap er ein dårleg idé.

Livet mitt, og livet til 600.000 andre nordmenn, blir enklare om alle lærer seg begge skriftsspråka.

5 «Nynorskforkjemperne»

Nynorsk er min identitet. Enaasen spør: «hvorfor lar vi disse nynorskforkjemperne få viljen sin?».

Det handlar ikkje om at nokon «får viljen sin» eller ikkje. Det handlar ikkje om at vi «nynorskforkjempere» ynskjer å gjere livet vanskelegare for folk. Men vi ynskjer språkmangfald, respekt for einannan og ein debatt basert på kunnskap.

6 Nynorsken døyr ikkje ut

I verda har vi om lag 7000 språk. Nynorsk er mellom dei 200 største.

Det er altså ikkje slik at nynorsken kjem til å døy ut med det fyrste.

7 Er min identitet mindre verdt?

Sjølv om nynorsk er det minste skriftsspårket i Noreg, tyder det at det er mindre verdt? Er identiteten min mindre verdt fordi eg tilhøyrer eit mindretal?

Eg skriv nynorsk til eg døyr, og kjem til å bruke livet på at du skal lære spårket vårt mitt.

For nynorsken døyr aldri, og ein må kunne begge skriftsspråka for at ein skal oppnå valfridom i praksis.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 dager siden Brobygging
Når fergeleiet flyttes ut fra sentrum av Molde, blir fortsatt ferge et enda dårligere alternativ. Hva sier folket på Vestnes ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøNo er "gjeldande " NTP i ferd med å gå ut på dato. Og, strekninga Ålesund til Molde er
@Geir Ole SætremyrMøreaksen er blant de høyest rangerte prosjektene basert på netto nytte pr. investert krone i gjeldende NTP. Få andre har ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøEg forstår at enkelte drøymer om å lese dette inn i dei signala som er gitt. Men, det er ikkje ...
@Geir Ole SætremyrSamferdselsministeren vil utrede om det kan bli en mindre økonomisk belastning om Møreaksen deles opp i flere trinn. Han ønsker ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse