Det er DU som bestemmer Stortinget sin samansettinga den 13. september, og som såleis kan stoppe finansieringa av Møreaksen.
NTP som temaplan er vedteken, men denne temaplanen er ikkje bindande for eit einaste statsbudsjettet.
Statens vegvesen startar no opp med grunnlagsdata og arbeidet med planlegging og grunnlaget for KS2 som finansdepartementet og samferdselsdepartementet skal kvalitetssikre.
Med bakgrunn i denne kvalitetssikringa vert både finansieringsplan og eventuell forslag til bompengeproposisjon utarbeidd ein gong i 2023.
Finansdepartementet kan godt underkjenne prosjektet, dersom grunnlaget frå Statens vegvesen er for dårleg, noko som det er vesentlig sannsynligheit for.
Det er EIT prosjekt som står i NTP. Og, det blir EIN bompengeproposisjon. Det blir EITT bompengelån.
IKKJE eit for kvart av bompengestasjonane. IKKJE 6–7 bompengelån, noko som sjølvsagt er i tråd med all praksis for slike prosjekt her i landet.
Dette betyr at absolutt INGEN kan motbevise det faktumet at Sunnmøre og Nordmøre må betale hovedsaken av Møreaksen, spesielt Sunnmøre med heile 3 bompengesnitt mellom Breivika og Ørskogfjell/Vestnes.
Bompengar er noko herk, og på Sunnmøre skal Sp, Ap, KrF, Venstre og Høgre teppeleggje Sunnmøre med bompengar, 3,2 milliard kr i bompengar i bompengepakken i Ålesund, i tillegg til 3 bomstasjonar på strekninga Breivika–Tresfjordbrua/Vestnes der Sunnmøre får æra av å betale store delar av Møreaksen.
Heldigvis finnast det ikkje fleirtal verken på raud/grøn eller borgarleg side på Stortinget for eit statsbudsjett der Møreaksen ligger inne.
Eit sterkt FrP er nøkkelen for å stoppe Møreaksen, og det er DU som bestemmer til sjuande og sist kven som skal representere Møre og Romsdal på Stortinget.