Annonse
KSU – Vipps – desktop
Senterpartiet, Per Ivar Lied og Kristin Sørheim
Ytring
Senterpartiet, Per Ivar Lied og Kristin Sørheim
06 august 2021 16:13
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Illustrasjonsfoto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Helge Orten prøver å skremme veljarane i Romsdal og på Sunnmøre og trugar med at det ikkje vert pengar til nødvendige investeringar i Ålesund dersom føde og akutt i Kristiansund vert oppretthalde.

Vi ser dette som reint stemmefiske frå Orten, for å skape usikkerheit på Sunnmøre rundt utbygging av sjukehuset i Ålesund og drifta av Volda sjukehus. Det er det ingen grunn til, i alle fall ikkje om SP kjem i posisjon. Senterpartiet vil ha ein heilt annan finansieringsmodell for investeringar på sjukehusa, og skilje investering frå dagleg drift. Det er meir rettferdig og vil skape større rom for investeringar utan å kutte ned på drifta både før og etter investeringane.

Sjukehus skal ikkje styrast som aksjeselskap og etter reint forretningsmessige mål. Senterpartiet vil finansiere drifta av sjukehusa gjennom auka rammer til sjukehusa og med ein mindre del av inntektene styrt etter diagnose og innsatsbasert. Dagens finansieringssystem er «galemathias».

Senterpartiet har konsekvent sagt at det skal vere avdelingssjukehus i Kristiansund med akutt og føde. Senterpartiet og Arbeiderpartiet har konsekvent foreslått auka rammer til sjukehusdrifta i landet. Senterpartiet vil fjerne føretaksmodellen, som ikkje er eigna til å styre sjukehus. Vi har lansert ein alternativ modell, som har brei støtte ute. Orten treng absolutt ikkje bekymre seg for sjukehusdrifta om Senterpartiet får makt. Vi meiner det er større grunn til bekymring om Høgre får det som dei vil i helsepolitikken.

Vi veit at det blir planlagt for få sengeplassar på norske sjukehus i dag. Pandemien har vist at vi treng betre beredskap, fleire sjukehussenger og meir helsepersonell. Senterpartiet vil bidra til det, også gjennom utdanningspolitikken. Og vi ser at når det blir iverksett rekrutteringstiltak, så er det mogleg å skaffe fagfolk. Norge er kritisert fordi vi har for dårleg fødeomsorg og for få fødeavdelingar. Difor er det rett å oppretthalde funksjonar i Kristiansund også etter at fellessjukehuset på Hjelset er ferdig. Ikkje noko av dette er ein trussel for sjukehus i Volda eller Ålesund eller på Hjelset , men gir eit betre tilbod til innbyggjarane.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse