Sp forgudar Møreaksen, og det er ikkje til å tru at Jenny Klinge og Geir Inge Lien kan finne på å dilte etter Orten og Høgre»
Eit Sp som forsøker å framstå som « grasrota sitt parti» bryr seg fint lite om kva vanlige folk her i fylket meiner om Møreaksen.
No oppdagar dei svært mange pendlarane over Romsdalsfjorden kva som blir realiteten, gratis for passasjer på ferjene i dag, og tusenvis av kr pr mnd med Møreaksen!
Folk vi har snakka med i til dømes Vestnes seier dei må bytte jobb, då ingen har råda til å pendle til Molde med Møreaksen i framtida.
Kva Sp og Orten har fått påstanden «bu og arbeidsmarknad» ifrå, forstår absolutt ikkje vanlige folk her i fylket.
Sp og Klinge og co = Møreaksen og dei har slett ikkje tenkt å bry seg med kva innbyggjarane måtte meine.
FrP seier klart NEI til Møreaksen, og vil ha fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen over Romsdalsfjorden i framtida.
Du kan no bestemme om « Veljarforakt» frå Sp, Orten/Høgre og Ap skal få bestemme, eller om det er DU som innbyggjar som bestemmer.
Stopp Møreaksen!
Stem FrP.