Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim, Senterpartiet
Ytring
Kristin Sørheim, Senterpartiet
15 august 2021 14:56
Del på Facebook
Foto: Michael Probst / AP
Foto: Michael Probst / AP
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Solberg-regjeringa har brukt EØS-avtalen til å knyte oss stadig tettare til EU. Det siste alvorlege tiltaket er at regjeringa no marknadsfører sal av norsk vasskraft til internasjonale selskap og gir ukritisk støtte til innføring av karbontoll og fjerning av frikvotar for norsk kraftkrevjande industri.

EU-tilhengarane, regjeringspartia, Ap, organisasjonar i arbeidslivet, tenketankane og ei nesten samla norsk presse påstår at EØS-avtalen er heilt avgjerande for norsk næringsliv og særleg næringsliv i distrikta, og at det ikkje finst andre alternativ til EØS-avtalen enn EU-medlemskap. Desse dogma blir teke opp att og opp att, utan at dei treng å bevise om dogmet stemmer med verkelegheita. Det verkar som dei trur at alt som har med handel av varer er forankra i EØS-avtalen, men det stemmer ikkje. Til dømes skjer arbeidet med å etablere internasjonale tekniske standardar uavhengig av EU, for eksempel i Den europeiske komiteen for standardisering (CEN), der land utanfor både EU og EØS er medlemmar.

Sp er grunnleggjande kritisk til EØS-avtalen, og vi ser at andre land heller ikkje ønskjer denne type avtale, men vil ha avtalar som regulerer handel og marknadstilgang utan å ta vekk den nasjonale politiske kontrollen med t.d. infrastruktur, arbeidslivspolitikk og andre viktige samfunnsoppgåver. Og utan å betale store summar til (delvis) tvilsame prosjekt i andre EØS-land. 38 mrd. for Norge sitt vedkommande. Både Sveits (som har stått utanfor både EU og EØS) og Storbritannia (som har vore EU-medlem i fleire ti-år), har fått avtalar som gjev tollfri tilgang til marknaden i EU. Sveits valde til slutt å bryte forhandlingar om ein ny avtale for å sikre nasjonal kontroll med arbeidsliv, velferdsordningar og statsstøttereglar.

Det er avgjerande at det nye Stortinget får eit fleirtal av EU-motstandarar og eit fleirtal som er sterkt kritiske til EØS-avtalen og vil nytte handlingsrommet til å utgreie alternativ og inntil vidare og så lenge vi har EØS-avtalen legge ned veto når viktige samfunnsinteresser blir trua av EØS-avtalen si dynamiske utvikling.

Spørjeundersøking til alle dei fremste stortingskandidatane, både i landet og i vårt fylke, viser at det er tre parti som har sett seg grundig inn i dei negative konsekvensane og handlingsrommet og som dermed bør vere valet for alle som ikkje ønskjer at Norge skal bli medlem i EU: Senterpartiet, SV og Raudt. EØS-avtalen var Gro Harlem Brundtland sitt springbrett inn i EU, og difor er det veldig vanskeleg å få ein reell debatt om det eigentlege innhaldet og konsekvensar av å implementere eit kvart EU-direktiv i norsk rett. For Sp sin del vil vi nemne nokre alvorlege saker som vi vil stoppe fordi dei ikkje gagnar verken Norge eller resten av verda:

  • Fri flyt av arbeidskraft og minstelønsordningar : Det vil presse løn og andre arbeidsvilkår nedover og nedover og føre til sosial dumping, etablering av bemanningsbyrå som importerer lågtlønna arbeidskraft frå alle stader i verda og fortrenger arbeidsplassar i landa og føre til auka skilnader og meir migrasjon
  • Kabotasje i transportbransjen – som gjer at selskap registrert i andre land kan drive innanlands. Den internasjonale luftfartsorganisasjonen forbyr dette, men EØS overstyrer, slik at selskap som WizzAir og DAT kan komme hit og konkurrere ut selskap som har tent oss i lang tid – og dersom det ikkje går kan dei stikke av og vi står utan infrastruktur. Av same grunn seier vi nei til EU sitt jernbanedirektiv.
  • Vi vil ikkje at Norge skal bli ein del av EUs energiunion og dermed presse opp straumprisane til næringsliv og innbyggjarar i Norge. Vi ser allereie at regjeringa sin plan om fleire utanlandskablar og sal/konsesjon av fornybar norsk vass- og vindkraft til utanlandske selskap har vore med og ført til nesten historisk høge straumprisar allereie. Og kan redusere arbeidet med satsing på fornybar energi i andre land.
  • Innanrikspolitikk skal vere innanrikspolitikk og ikkje styrt av EU, slik som næringsstøtte, posttenester, offentlege alkoholmonopol, tilsettingsstoff i mat, norsk kommunar sin rett til å handle lokalt osv. EU sin politikk fører til ei massiv sentralisering. Fri flyt av varere og tenester og folk i ein så stor marknad fører uvilkårleg til fusjonering og stordrift i næringslivet. Makt og beslutningar blir flytta frå nasjonalstatane til EU, og i kvart land blir beslutningar også sentralisert.

Dag Seierstad i Attac seier det slik. «I et historisk perspektiv framstår EU som en dramatisk avdemokratisering av europeiske samfunn». Difor er også vårt stortingsval i haust eit EU-val.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Når penger er mer viktig enn helse får vi slike tilstander vi ser her, Norge aspirerer å bli lik andre ...
Epic Systems heter det amerikanske firmaet som leverer løsningen bak Helseplattformen. Det er ikke helt som andre it-leverandører med sitt ...
Terje Sundsbø 11 dager siden Enda flere utredninger og mer pengesløseri?
@Arne AlmaasHei - Er det referansene til NAF sine rekkeviddetester av el-biler du sikter til? Eller er det fergenes strømforbruk? Fint ...
Terje Sundsbø 11 dager siden Enda flere utredninger og mer pengesløseri?
@Geir Ole SætremyrJeg overlater til de andre leserne å vurdere hvem som har underbygget sine påstander. Jeg viser til NAF, du viser ...
Heisan dere 3 sparringspartnere. Det er mye underholdning i å lese alle kommentarene. Men nå begynner dere å repetere dere ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse