Når eg les TK og avsløringene der om hemmeleg korrespondering for å hindre fakta ang Romsdalsaksen, kan ein saktens stille seg spørsmålet om vi lever i eit utvikla demokrati eller ein bananrepublikk.
Når SMP og Geir Strand skriver at det omtrent er Sunnmøringane som er idiotar som ikkje forstår at Torgeir Dahl, Helge Orten og Møreaksenforkjemparane berre er kjekke, snille og greie, som er så greie at dei lar Sunnmøringane få lov til å betale for mesteparten av Møreaksen utan å bruke fjordkryssinga, burde dei fleste få eit alvorlig rykk i foten, for her er det ugler i mosen.
Kva er SMP si rolle i Møreaksen saka?
Når TK sin Arild Myhre faktisk gjer jobben som kritisk journalistikk ikring Møreaksen, blir arbeidet til Myhre grunnlaget for karakteren meget til svært godt, kritisk journalistikk ikring Møreaksen som SMP og RB har forsøkt undergrave i lang tid og framstår som journalistisk arbeide som garantert hadde fått strykkarakteren, ikkje bestått!
Når vi har ein statsetat Statens vegvesen region midt, som bevist forsøker å undergrave det dei sjølve er imot, nemleg Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, veit eg rett og slett ikkje kva eg skal seie lenger.
Demokratiet i Norge er bygd opp av tillit og openheit, der statleg forvaltning skal ha legimitet og truverdigheit i befolkninga.
Det Statens vegvesen ilag med partiske personer ikring Møreaksen, kan garantert ikkje holde grunnlaget for gode Norske demokratiske prinsipp.
- Kven styrer og dreg i trådene ikring Møreaksen?
- Kven har personlige interesser i saka?
- Kven hjelper kven?
- Kvifor blir milliardprosjekt håndtert slik?
- Kven i Vegdirektoratet har godkjent dette?
- Kven i regjeringa og i Høgre, Sp og Ap har godkjent dette?
- Kva er faktisk rolle til Orten og Dahl i saka?
- Korleis kan milliardprosjekt bli til slik?
- Er Statens Vegvesen habil i saka?
- Når vil Romsdalsaksen bli behandla med respekt?
Eg er rysta og sjokkert, og tenker, kva må vanlige folk tenke om det som skjer eller ikkje skjer på Stortinget?
Sp og Jenny Klinge og Geir Inge Lien forgudar Møreaksen, Ap og Kjølmoen deg samme, og Høgre ved Orten og Vetle Vang Solheim kan vi berre parkere i suppa Møreaksen.
Nei, kva skal ein seie?
Denne avsløringa som TK og Arild Myhre har lagt fram, vil garantert havne i Riksrevisjonen og i høyring i kontroll og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Eg og FrP har svarer klarare enn på lenge,
STOPP Møreaksen!
Stem FrP