Når eg høyrer Sp som garanterar oppstart av Møreaksen, og der dei fnyser av folk flest sine meiningar her i fylket, forstå alle at med Sp er det lite å hente.
Harald Espeland i Møreaksen as seier at undersjøiske tunellar er fantastiske, over 75 prosent av innbyggjarane her i fylket er slett ikkje enige.
Helge Orten seier at ein godt kan la Statens vegvesen «oppdatere reknestykka» på Romsdalsaksen, men nektar tvert nokon omkamp på Møreaksen uansett.
Makan til maktarroganse.
3–400 m under fjorden, gedigen omveg ut på øyane og ny E39 gjennom Molde med haugevis av rundkøyringar og rasering av Molde by, burde høyre fortida til, såleis kan fornuften sigre den 13 september i stortingsvalget, og vanlige folk i Møre og Romsdal har muligheita til å ta makta tilbake og stoppar Møreaksen!
Ein må heller ikkje gløyme at svært mange vil ha fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, der vi i FrP vil ha fullverdig utgreiingar av både Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.
Romsdalsaksen viser seg å vere vesentleg billigare enn Møreaksen, og dette faktumet vart «utelatt» som informasjon til Stortinget sin behandling av NTP.
DETTE er grunnlaget for at både Riksrevisjonen og kontroll og konstitusjonskomiteen må få dette på sitt bord, og alt ikring kryssing av Romsdalsfjorden må stoppast inn til fullverdig og likeverdig utgreiingar av Romsdalsaksen og fortsatt ferjer er på plass.
Kravet må vere fullverdig ny utgreiing av Romsdalsaksen også med den nyaste teknologien innan flytebruer med opningssluser som vil vere både betre, tryggare og vesentlig billigare enn alle former for undersjøiske tunellar, også forbi Veøya og vidare til Skåla.
Stopp Møreaksen! Stem FrP!