Annonse
Lars Valderhaug, Tustna
Ytring
Lars Valderhaug, Tustna
29 august 2021 22:50
Del på Facebook
– Romsdalsaksen i blått, Møreaksen i raudt, tunnelar i svart. Er det sannsynleg at Romsdalsaksen blir 6 mrd dyrare enn Møreaksen, slik Statens vegvesen hevdar?
– Romsdalsaksen i blått, Møreaksen i raudt, tunnelar i svart. Er det sannsynleg at Romsdalsaksen blir 6 mrd dyrare enn Møreaksen, slik Statens vegvesen hevdar?
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) inviterte den 27.08.21 til temamøte i Molde om dei vegmessige utfordringane for transportnæringa i Møre og Romsdal. Til å drøfte dette hadde dei fått med seg eit panel av leiande politikarar i fylket.

Eg nytta høvet til å konfrontere Møreaksenpolitikarane med fylgjande, og ba om deira kommentarar: 

Statens vegvesen har i kostnadssamanlikningane mellom Møreaksen og Romsdalsaksen rekna 3 mrd til strekninga Hjelvik-Ørskogfjellet til Romsdalsaksen sine kostnadar. Er dette rett når denne strekninga skal utbetrast som ein del av E136 «Eksportvegen» uavhengig av akse? Er det ikkje meirutgiftene dei to aksealternativa medfører som skal brukast for å samanlikne kostnadane?

Statens vegvesen har ikkje tatt med kostnadane med ny veg Vik-Remmem/Tresfjordbrua i Møreaksen sine kostnadar, av Austvik oppgitt til ca 1 mrd. Dette er nødvendige fylgjekostnadar til Møreaksen, og burde vel derfor vere medrekna i Møreaksen sine kostnadar?

Statens vegvesen har ikkje tatt med kostnadane for oppgradering av strekninga aust om Molde sentrum og til Lønset. Dette har Austvik forklart meg skuldast at kostnadane ville blitt like store ved begge aksealternativa, og derfor er utelate. Er dette sannsynleg når Møreaksen vil medføre E39 gjennomgangstrafikk på denne strekninga og Romsdalsaksen ikkje vil gjere det?

Det var berre KrF-representanten, Randi Walderhaug Frisvoll, som «svarte» på dette. Ho sa at ho ikkje forsto spørsmåla, men svarte likevel! Så det vart god dag mann, økseskaft. Så Bernhard Riksfjord (A), Vetle Wang Soleim (H), Per Ivar Lied (Sp) og Frode Heimen (V) svarte ikkje på denne direkte utfordringa.

Forsto ikkje de heller spørsmåla? Eller var svara for kontroversielle for dykk? Når de har fått tenkt dykk om, kanskje de kan svare klart og tydeleg gjennom avisa?

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøKan komme om fem år? Sigmund Gjelsvik, utgåande på datoMolde kommune har sidan 2009 hatt høve til fergeleie på Reknes, ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrDet som bør komme fram er hovedgrunnen for å flytte fergeleiet - trafikken fra E39: https://www.rbnett.no/nyheter/i/Gy8O7V/to-nye-ferjekaier-kan-komme-om-fem-aarPlanene om flytting av fergeleiet ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøMen dei som bor øst for sykehuset slepp å belaste sentrum. Det må også komme med i framstillinga. 
Terje Sundsbø 9 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrFordelen med å dele opp er at oppgaven blir realiserbar.Folk vest for sykehuset på Lundavang må kjøre videre østover til ...
Geir Ole Sætremyr 10 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøDet forstår dei fleste.Kva er fordelen med di løysing?Eg har sett at løysinga er grunngitt med at der vil bli ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrÅ dele en oppgave opp i flere trinn istedenfor å ta alt samtidig betyr ikke at intensjonen er endret. Det ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse