Vanlige folk får jammen no berre betale rekordhøge drivstoffprisar, og høg straumpris, medan Norge tek inn hundrevis av milliardar kr med skyhøge gass og oljeprisar.
FrP fremma framlegg om å kutte drivstoffprisane med 3 kr literen og straumprisen med omlag 3000 kr pr. husstand ut året, skulle berre mangle no når staten får haugevis med ekstrainntekter gjennom skyhøge gass og oljeprisar.
Neida, dette stemte Sp/Ap regjeringa samt Høgre og SV imot, og prøver å lure vanlige folk med at dei faktisk har gjort noko ved å auke bostøtta og sosialhjelp.
Vist er det bra å auke bostøtta og sosialhjelp til dei som trenger dette, men dette hjelper fint lite for heilt vanlige familier og næringslivet.
Eg er skuffa, skuffa over å høyre finansminister Trygve Slagsvold Vedum som brått har mista både munn og mele, og framstår totalt handlingslamma.
No er det brått ikkje så viktig med gode rammevilkår i distrikta, når vi no høyrer både næringslivet og folk flest i heile landet slit med dei skyhøge utgiftene.
Ta heile Norge i bruk der du bur, bryr altså ikkje Sp og Finansminister Vedum seg mykje om for tida.
Eg og FrP kjem til å kjempe vidare for billigare drivstoff og straum til vanlige folk, folk flest og næringslivet.
Vi gjev oss aldri!