Fylkestinget har bedt Statens vegvesen utrede Romsdalsaksen med alle kjente teknologiar, Statens vegvesen kjem med utdatert undersjøisk tunell.
Problemet til Statens vegvesen og avdelingsdirektør Grethe Vikane, er at dei slett ikkje leverer den utgreiinga som fylkeskommunen har bestilt eller det folket i Møre og Romsdal krever.
Når Statens vegvesen kjem med ei løysing på Romsdalsaksen med undersjøiske tunell, beviser dette at dei ikkje har forstått eit kvidder.
Folket her i Møre og Romsdal vil ha Romsdalsaksen, fordi ein ikkje vil ha djupe undersjøiske tunellar. Har Statens vegvesen snart forstått dette?
I føringar frå Vegdirektoratet skal ein forsøke å unngå undersjøiske tunellar der ein kan, og både i Hordfast og andre prosjekt går Statens vegvesen vekk frå undersjøiske tunellar og går for flytebruer.
Flytebru med ulike løysingane som sluse osv må utgreiast, då vil alle sjå at dette alternativet er det best, billigste og mest miljømessige alternativet.
Ferjefri E-39 har ALDRI hatt som mål å leggjast inn om kvar by eller bygd, men raskaste veg som ein E-39 skal ha som funksjon.
Kvar i verden eller i Norge planlegg ein i 2021 å leggje ein Europaveg gjennom ein større by?
Statens vegvesen fortsette sitt jag mot Romsdalsaksen og folket, og gjev seg nok ikkje før Riksrevisjonen får sjå på saka.
Kven er Statens vegvesen egentlig til for?
Eg skal sørge for at avsløringane og prosessane ikring det greinalause prosjektet Møreaksen kjem til Riksrevisjonen, og då får vi sjå kva resultatet vert.
Ellers er Møreaksen heldigvis sjanselaus til å få ei krone i Statsbudsjett dei neste fire åra, og då går nok dette prosjektet heldigvis sakte men sikkert ned i ei djup skuff.