Svar fra Erling Sande til Frank Sves innlegg «Sp-topp med «kløyvd tunge» publisert 21. februar 2022.
I eit lesarbrev nyleg prøvar Frank Sve (FrP) å vri ein viktig og overordna debatt om korleis vi brukar samferdsleinvesteringane, over til å handle om Møreaksen eller Romsdalsaksen. Dette trasevalet er avgjort og stadfesta av fleire regjeringar der også FrP har site, hatt samferdsleminister i og støtta dei siste 8 åra. Heller enn å ta Frank Sve sin innfallsvinkel med å spreie usikkerheit om avgjersler partiet hans har støtta, lyftar eg heller debatten om at vi må byggje dei store samferdsleprosjekta innan veg og jernbane smartare slik at vi også kan få råd til naudsynt vedlikehald, eit løft for fylkesvegane, rassikring og satsing på hamnene våre.
Skal pengane nå lengst mogeleg kan ikkje vi politikarar late som at vi har råd til alt, og gang på gang sjå at store prosjekt vert utsatt. Vi må få til ei auka satsing på utbetring av «flaskehalsar» og vedlikehald i eksisterande vegnett. Då må vi også sjå om vi kan frigjere midlar ved å bygge dei store prosjekta våre rimelegare. Til dømes med å bruke 90 km/t som fartsgrense i staden for 110 km/t på enkelte strekningar, eller bruke kryssingsspor på jernbane i staden for å ha dobbeltspor på alle nye jernbanestrekningar.
Pengane vi brukar til bygging av vei og bane er skattepengar og bompengar. Vi må aldri gløyme at vi forvaltar disse på vegne av folk. Det fordrar at vi ikkje sløser – men heile tida leitar etter måtar å nå lengst mogleg med pengane.
Ei slik tenking handlar blant anna om at vi må vurdere kva vi kan gjenbruke og forsterke, og kva vi må bygge heilt nytt. Nokre stader kan planlagt veg med fart på 110 km/t byggast med 90 km/t grense og i enkelte tilfelle med 2+1 felt i stadenfor fullskala firefelts motorvei. Det kan redusere både kostnader og bompengar samt spare matjord og natur. Nokre stader kan slike grep føre til at vi kan få bygd nær dobbelt så lange strekningar for dei same midlane.
Det er enorme forventninger innan samferdsle. På dei vegane som folk brukar i sitt lokalmiljø, er det mange stader for dårlig standard og lite kapasitet. Eg har peika på at vi treng å frigjere ressursar slik at vi kan møte store vedlikehaldsbehov både på vei og bane, på rassikring, satsing på fylkesvegar og innanfor hamn og farlei.
Eg er overraska over den negative måten Frp møter denne tenkinga på. Folk skal kunne forvente at vi som politikarar gjer alt vi kan for at skattepengane blir brukt nøkternt. Slik kan vi avgrense bompengane som både folk og næringsliv vert ramma av. At FrP tviheld på dobbelspora jernbane og 110 km/t til trass for at andre standardar i enkelte tilfelle kan spare oss for milliardar i bompengar og sikre pengar til andre viktige samferdsletiltak er vanskeleg å forstå.