Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
21 februar 2022 08:50
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Leiaren i Transportkomiteen Erling Sande frå Sp seier:

– Er det nødvendig med firefelts motorveg til alle dei store byane, og kor langt vekk frå Oslo treng vi jarnbane med to spor, spør Erling Sande (Sp), som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Men, korleis i alle dagar heng dette ihop med at Sp vil byggje Møreaksen, snart 400 m under Romsdalsfjorden, med firefelts verdensrekord i både undersjøisk tunell og bru? – for 2300 bilar, til mange titals milliard kr?

Har leiaren i Transportkomiteen kløyvd tunge, når han er imot firefeltsveg der det bur mykje folk og med stor trafikk, men er for Møreaksen til 2300 bilar?

Erling Sande og Sp, dersom det er ufornuftig med firefeltsvegar der det faktisk bur folk og der det faktisk er trafikk, korleis går det då ann å prioritere firefeltsveg på Møreaksen?

Leiaren i Transportkomiteen peikar på at følgjande prosjekt må utsetjast:

«Det er nokre av desse pengane Sande vil flytte på. Konkrete prosjekt han meiner kan utsettast i tid eller nedskalerast er mellom anna:

  • Ytre Intercity (Jarnbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).
  • Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)
  • Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)
  • Hordfast (E39)
  • Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)
  • Bru over Sognefjorden (E39)

Sande presiserer at dei nemnde prosjekta «kvar for seg er gode», men at vegvedlikehald, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir»

I Møre og Romsdal er vegvedlikeholdsetterslepet på svimlende 8-9 milliard kr på dei 3100 km med fylkesvegar, samt haugevis med dyre fylkesferjer.

Utbetring av E136 Romsdalen har venta i 30 år på sine 2-3 milliard kr for utbetring av Eksportvegen for heile fylket.

Erling Sande, eg utfordrar deg som leiar av Transportkomiteen til å stoppe Møreaksen, heilt i tråd med det du uttalar deg om ang andre liknande prosjekt.

Då kan du, eg, og resten av Transportkomiteen bruke dei 25–40 milliard kr som er planlagt på Møreaksen, til bygging av E136 Romsdalen,

-utbetre vegane på land mellom ferjene som til dømes mellom Ålesund og Vestnes, ny E39 Blindheim- Breivika inkl Veibustkrysset, dei mange rassikringsprosjekta i fylket, ny Strynefjellsveg RV15, Voldatunellen, Rovdefjordbrua, Sande fastlandssamband, RV 70, Langfjordkryssinga, Todalsfjordkryssinga, og sårt etterlengta vedlikehold av 3100 km med fylkesveg.

Likevel vil desse prosjekta eg nevner ikkje bruke opp alle pengane som er tiltenkt å bruke for å byggje verdensrekord i bru og undersjøiske tunell på Møreaksen.

Erling Sande, no er det «vanlige folks sin tur» til å bestemme kva samferdselsprosjekt som skal prioriterast i Møre og Romsdal.

STOPP Møreaksen, det er folkets soleklare krav i Møre og Romsdal!

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 2 år siden
    Frank, korleis kan det ha seg at du, som representant frå Møre og Romsdal, ønsker å stoppe ei stor statleg investering i vårt eige fylke der ein erstattar det aller mest traffikerte ferjesambandet, og det desidert viktigaste sambandet i fylket med fast veg? All erfaring peiker mot at ein får ein formidabel vekst i mobilitet og bygger sterk region ved å knyte viktige områder i fylket tettare saman. 

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse