Annonse
KSU – Vipps – desktop
Gro Anita Sve, 5. kandidat til fylkestingsvalget for Møre og Romsdal FrP
Ytring
Gro Anita Sve, 5. kandidat til fylkestingsvalget for Møre og Romsdal FrP
14 mars 2023 11:29
Del på Facebook
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ungdomane har akkurat gjort sine val for vidaregåande opplæring neste skuleår. I Stranda og Sykkylven er det ein auke i søknaden til studieførebuande og idrettsfag, resten av fylket har ein liten auke i val av yrkesfag. Vi treng at mange velger yrkesfagleg opplæring, mange næringar skrik etter fleire fagutdanna.

Kvifor er det slik? Får ungdomen nok veiledning? Velger ungdomen studieførebuande fordi det blir forventa av dei av foreldre og familie? Er det ungdomsskulane som ikkje får inn folk frå dei ulike næringane til å snakke om kva dei treng eller at næringa sjølv ikkje engasjerer seg?

Det er viktig å ha vidaregåande skular med gode studietilbud over heile fylket og at ungdomen får velge noko dei har interesse for, men det må også følge behovet for arbeidskraft ut i lokalsamfunna. Då er det viktig at både foreldre og skulane gir god veiledning til ungdomane som skal til på vidaregåande opplæring, utifrå interesse til ungdomen og kva næringane treng. Så må politikarane legge til rette for at ungdomane har gode nok utdanningstilbud over heile fylket.

Kva gjer næringa sjølv som treng meir fagutdanna arbeidskraft? Oppsøker dei ungdomen og ungdomsskulane? Gjer dei yrka sine attraktive for ungdomen? Eit godt eksempel på at næringa kan vere aktivt med og viser kva dei treng, er initiativ frå Hofseth til å få oppretta linje med Naturbruk på Stranda. Det kom i gang i rekordfart i fjor, og blir også eit tilbud i år på både vg1 og vg2, og med gode søkertal.

Yrkesfagleg utdanning er like viktig som studieførebuande, men har det like høg status? Det er det viktig at det har, og kven kan sørge for det? Jo, alle rundt ungdomen: foreldre, øvrig familie, skulane, næringane, politikarane og samfunnet for øvrig.

Vi i FrP jobber aktivt for at ungdomane skal få god vidaregånde opplæring enten ein velger studieførebuande eller yrkesfag, og at alle skal få muligheita. Ungdomen er framtida vår!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøEg har sagt at KS2 må oppdaterast for endring av kostnadsnivået i prosjektet der KS2 rapporten frå 2023 er etter ...
Terje Sundsbø 10 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrMener du for alvor at en KS2-analyse må kvalitetssikres på nytt bare på grunn av prisstigning?
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du er så enfoldig at du trur at der ikkje har vore prisstigning etter 2022 og fram til ein ...
Terje Sundsbø 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor lang tid går det før en må oppdatere KS2-analysen datert mars 2023 fordi den er utgått på dato og ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøPkt 8.4 første avsnitt. Må i det minste oppdaterast for ikkje å villeie Finansdepartementet og Stortinget 
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår går holdbarhetsdatoen for KS2-analysen ut?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse