Matkøa blir stadig større, straumprisen auka og renta skyte til himmels. Rundt halvparten av dei som står i matkø, bur saman med born. Straumprisane er spådd å bli i snitt nærmare 1,5 kr per kilowattime gjennom vinteren, i tillegg til at styringsrenta er på 4,25 %. Dette er ei oppskrift på kaos.
Barnetrygda auka med 2.400 kroner i året, men berre for barn over seks år. Minstesatsane for uføretrygdande, AAP- og KVP-mottakarar aukast med 6.000 kr frå 1. juli. Det blir som å putte eit plaster på ein bråten arm. Matprisane, straumen og renta aukar, og det er det berre vanlege folk som kjenner på lommeboka.
Dette er ikkje ei auking i budsjettet, dette er en kompensasjon for å balansere ut dei auka prisane. Det vill då sei, dei som slit mest i samfunnet skal slite like mykje som dei gjorde før prisaukinga. Kvifor kan vi ikkje kutte i skattar og avgifter, i staden for å gi folk litt pengar, som i tillegg er øyremerka? Slik kan folk prioritere sjølv. Dette hjelper både dei med og utan born.
Dette er verken et trygt eller ansvarleg budsjett.
Det går snart ikkje an å flytte på ei krone, utan at regjeringa kjem med ein finger i lommeboka di.
Vi i FpU vil senke momsen på mat, slik at folk skal ha råd til å kjøpe sin eigen mat.
Vi i FpU vil fjerne kommunane sin moglegheit å krevje inn eigedomsskatten, for å unngå ein dobbelt skatt for dei som tenar minst.
Vi i FpU vil auke kraftutbygginga og redusere eksport, slik at straumprisane går ned og folk beheld meir av sine eigne pengar.