FrP har heile tida meint at vegane mellom fjordane er viktigast å prioritere, dette for å sikre trafikksikre vegar og hindre dødsulykker.
Dette er prosjekta:
- «dødsvegen» E39 Solevågseidet–Veibust–Blindheim til Moa
- E-136 Moa til Vestnes og vidare til Bjorli. (Exportvegen)
- Voldatunellen
- E39 Ørsta–Festøy
- E-39 forbi Batnfjorden
- Rv. 70
Og for ikkje å gløyme ein viktig aust-vest korridor rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
Møreaksen er no sjanselaus i NTP samanheng, når endeleg no Høgre også her i fylket har teke til vettet.
Sitat:
– Støre-regjeringens manglende vilje til å satse på samferdsel gir oss store utfordringer. Alle prosjekt blir satt på vent, og i mellomtiden mister folk livet på utrygge veger. Vi må prioritere veiutbedring mellom byene for å sikre innbyggere og næringsliv, sier Molvær.
Dette betyr i praksis at Møreaksen er sjanselaus i NTP behandlinga som no vil foregå i mai /juni mnd på Stortinget.
Sp/Ap-regjeringa vil anten danne fleirtal for ny NTP med SV, som klart er imot Møreaksen, eller danne fleirtal med FrP/Høgre som heller ikkje prioriterar Møreaksen.
Så vil kampen fortsette i ny FrP/Høgre regjering i 2025 for å skrinlegge Møreaksen for godt, eit knallsterkt FrP er garantisten for at ein får skrinlagt sløseriprosjektet Møreaksen ein gong for alle, og stappa dette galskapens prosjekt langt ned i søppelkassa»