Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Terje Albregtsen, Molde
Ytring
15 mars 2024 11:36
Del på Facebook
Molde Sjukehus på Lundavang. Foto: Steinar Melby / NettStudio / KSU.NO
Molde Sjukehus på Lundavang. Foto: Steinar Melby / NettStudio / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Kva skal vi med eit slikt sjukehus? Kva skal vi med eit sjukehus som ikkje lenger vil ta inn pasientar? Kva skal vi med eit sjukehus som sender frå seg sine gamle og kjente pasientar? Kva skal vi med eit sjukehus som ikkje får tak i legar? Er det då lenger eit sjukehus?

Eg snakkar om Molde sjukehus. Aktuelt i dag. Har ikkje noko av det same vore tilfelle før med Kristiansund sjukehus? No ser eg omrisset av eit framtidig skrømt av eit hus på Hjelset. Eit sjukehus? Kan hende gjeld det sjukehusa i heile helseregionen, og heile helseføretaket?

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

I snart 70 år har eg vore fast kunde av skiftande grunnar på augeavdelingar på sjukehus over heile landet. Dei siste 8 åra på augeavdelinga på Molde sjukehus. Det er ikkje utan vektig grunn når spesialisthelsetenesta held kontakten med pasienten sin. Men no er det brått slutt.

Augeavdelinga på Molde sjukehus vil ikkje lenger ha meg som pasient. Det er ikkje mi skuld. Dei eg får kontakt med på avdelinga er fortvilte, og dei veit ikkje kva dei skal gjere.

Det er snart eit år sidan sist eg var hos dei. Då var planen som vanleg å kalle meg inn att etter eit halvt år. No har det snart gått eit halvt år over tida, og eg har verken høyrt eller sett noko frå dei.

– Kva er planen, ville eg vite då eg ringte til augeavdelinga, og omsider fekk kontakt.
– Nei, vi har ikkje plass, for det er heilt fullt her, fekk eg vite.
– Men legen skreiv i journalen sist at eg skulle inn til kontroll att om eit halv år. Kva no?
– Du får gå til optikar, så får han vurdere om du treng ny time hos oss.
– Men optikar kan då ikkje halde under oppsyn det som sjukehuset har kontrollert i årevis.
– Ja, nei, sånn er det berre. Og dessutan manglar vi legar, og vi får ikkje tak i nye.
– Men eg vil då ikkje bruke pengar fånyttes på optikar. Då får fastlegen min tilvise meg time.
– Nei, vi tar ikkje imot tilvising frå fastlegar.

Her blei eg så mållaus at den andre nådde å ta ordet ein gong til:

– Dessutan får vi snart nytt journalsystem, og derfor har vi berre halv arbeidskapasitet no.
– Kva vil du elles at eg skal gjere?
– Nei, vi skulle ønske oss at nokon går til avisa, slik at leiinga vår blir klår over situasjonen ...

Eg trur jammen eg må gå til avisa også den dagen det står ferdig eit monster av noko som skal heite sjukehus på Hjelset:

– Vi tar ikkje imot pasientar.
– Vi får ikkje tak i legar.
– Vi tar ikkje imot tilvisingar frå fastlegar.
– Vi har fått eit nytt journalsystem som krev halve arbeidstida av oss som er att.

No har det blitt fleire høl enn berre på Hjelset. Eit av dei er i Molde. Blir det fleire høl enn det, så blir det snart jamt. Men kva skal vi med sjukehus, og kva skal vi med helseføretak, når ingen av dei vil ha pasientar? Nei, pasientar er noko drit ... !


Av: Terje Albregtsen, Molde

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDette er politikk gjennom Regjering og Storting.Det er ikkje noko Naturvernforbundet arbeider med, men vi registrerer kva rammeverk som er ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet. Er det vanlig praksis i Naturvernforbundet?
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu må adressere dette hos andre.
Terje Sundsbø 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrPå Møreaksen betaler bilistene bompenger, på jernbane betaler passasjerene billett. Mitt spørsmål gjelder fortsatt:Hvorfor behandles lokal forankring og finansiering ulikt ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse