Annonse
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
Ytring
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
29 april 2024 09:51
Del på Facebook
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Økonomien er trong i fylkeskommunen, og løysinga til Høgre og Arbeidarpartiet er å legge ned vidaregåande skular i distrikta. Det er ei dårleg og korttenkt løysing som fyrst og fremst går ut over lokalsamfunna i fylket og barn og unge på bygda. No må vi jobbe saman for å hindre denne «nye» sentraliseringsduoen i å oppnå det dei vil: Skulenedlegging!

Etter fylkestingsmøtet tidlegare i april gjekk Høgre og Arbeidarpartiet saman ut i Sunnmørsposten og varsla nedlegging av skular. «Skal vi klare omstille fylkesøkonomien må vi ta noen grunnleggende grep. Vi i Arbeiderpartiet mener vi gå gjennom den skolestrukturen fylket har», vert Line Hoem i opposisjonspartiet Arbeidarparitet sitert på. Monica Molvær i Høgre følgjer opp med at «Søkertallene må avgjøre hvilke skoler det gjelder». Sjølv om dei ikkje konkret vil peike på enkeltskular, er begge deler politikarspråk for skulenedlegging og sentralisering av distrikta.

Då eg gjekk på vidaregåande for nokre år sidan var det naturleg å velje nærskulen min på Tingvoll. Det var ein tryggleik å kunne gå på ein skule nært der eg budde, med elevar som eg kjende frå før. Vi var ein liten, men fin, klasse der vi fekk tett oppfølging av lærarane både fagleg og elles. På vitnemålsutdelinga sa rektoren at kullet mitt samla hadde det høgaste snittet han hadde sett ei klasse ha, og at det var rekordfå som hadde droppa ut. Det kan umogleg vere tilfeldig at desse resultata kom frå ei klasse på fylkets minste vidaregåande skule. Kvifor er slike suksesshistorier øvst på kuttlista til Høgre og Arbeidarparitet?

I artikkelen i Sunnmørsposten blir Tingvoll vidaregåande og Stranda vidaregåande trekt fram som dei to skulane med lågast søkartal. Men kven veit - vil dei legge ned Sunndal, Surnadal, Herøy, Sykkylven og Gjermundnes også? Etter å ha lest utspelet bør alle som er opptekne av gode lokalsamfunn, desentralisering og det beste for ungdommane våre vere bekymra for kva sentraliseringsduoen Ap og Høgre kan finne på.

I ei tid der SSB rapporterer om at eit aukande tal unge lever i utanforskap framstår det som eit merkeleg forslag å ville flytte 15-åringar heimafrå og vekk på hybel for å så stappe dei inn i store klassar i stappfulle klasserom. Det løyser ingenting! Ikkje berre er skulane våre viktige for barn og unge i fylket, men rundt om kring er dei vidaregåande skulane viktige arbeidsplassar, og ein institusjon som knytt lokalsamfunnet saman. I ei tid der posisjonen i fylket har varsla massive kutt i tal tilsette på Fylkeshuset, er det i tillegg som dårleg gjort å skape endå meir usikkerheit for dei tilsette i organisasjonen.

Som fylkestingsrepresentant for Senterpartiet skal eg gjere det eg kan for å hindre nedlegging av skular, og eg er glad at Frp som det største partiet i posisjonen tydeleg har sagt nei til skulenedlegging dei neste tre åra. Men vi treng mobilisering rundt om kring i lokalsamfunna, og i lokalpartia til Høgre og Arbeidarpartiet. Det er openbart ikkje sånn at sentralisering og nedlegging er løysinga på alle problem.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse