Annonse
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet, Næringskomiteen
Ytring
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet, Næringskomiteen
29 april 2024 21:05
Del på Facebook
Foto: NTB  / NTB
Foto: NTB  / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Langs heile kysten vår er det tradisjon for å bruke havet både til matauk og til næring. Plukkar vi vekk forholdet til fjordane, havet og fisken frå den norske folkesjela, er det ikkje lenger den norske folkesjela vi talar om. Det handlar om identitet, ja, men det handlar også om inntektsbringande aktivitet og levemåtar.

Derfor er kvotemeldinga, så kjedeleg som det enn måtte høyrast ut for dei uinnvidde, av svært stor interesse for mange i dette landet. Ikkje berre for dei som bur langs kysten, men også for dei som bur andre stader og som likevel har arbeidsplassen sin på sjøen. Og for alle som vil ta vare på norske arbeidsplassar og sikre skatteinngang til å oppretthalde velferdssamfunnet vårt.

Vi i Senterpartiet har saman med vår regjeringskollega Arbeidarpartiet vore svært opptekne av at den nyleg vedtekne stortingsmeldinga om framtidas kvotepolitikk skulle få eit breitt fleirtal på Stortinget. Målet er gode rammevilkår for fiskerinæringa og tryggheit for både drift og investeringar framover.

Det er i denne samanhengen nesten ingenting som slår forutsigbarheit basert på breie politiske kompromiss. Dette har vi no lukkast med når vi har gått saman med Høgre, Frp, KrF og Venstre. Det inneber at partia både har teke og gjeve, også vi i Senterpartiet. For somtid er det at ingen er heilt fornøgd på kort sikt det største bidraget til at flest mogleg blir fornøgd på lang sikt.

I debatten om saka i stortingssalen var SV og R tydeleg misnøgde. Dei svartmåla både situasjonen og framtida og argumenterte for langt større endringar i kursen enn det forliket legg opp til. Men norsk fiskeripolitikk er resultat av ein vanskeleg og ganske så vellukka balansekunst over tid. Då er det ikkje eit hardt rykk i tauet som er tingen, slik desse partia ønskjer. Skal vi lukkast, må vi dessutan også sjå verdien av både dei små og dei store aktørane som forvaltar ressursane i havet.

Eg håpar fiskeriorganisasjonane har opplevd prosessen som god sjølv om nokre krevande tema har vorte landa til fordel for nokon og til ulempe for andre. Ikkje minst håpar eg fiskerinæringa samla sett no føler dei kan puste letta ut og ha framtidstru med tanke på framtidig stabilitet og rammevilkår. Eit så breitt forlik gir grunnlag for nettopp dette.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse