Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Foto: Pixabay / Pexels
Foto: Pixabay / Pexels
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Sidan hausten 2021 har vi hatt ei regjering, som har levert det stikk motsette av det dei gjekk til val på. Innbyggjarane som skulle få betre råd, har fått det stikk motsette. Næringslivet som skulle få stabile rammevilkår, får smekk på fingrane fordi dei tener pengar. Og utviklinga elles har gått i heilt feil retning.

Det er på høg tid å skifte kurs, den griske skattepolitikken til dagens regjering må stoppast. Statsbudsjettet har aldri vore større enn det er no, men folk har ikkje hatt så dårleg råd som dei har no i manns minne. Meiningsmåling i regionavisene 2. september, der FrP får 30,8 % oppslutning blant innbyggjarane i fylket er eit tydeleg signal på at folk har fått nok!

Vi treng ei regjering som kan levere ein politikk som ikkje tømmer innbyggjarane sine lommebøker. Og som gir næringslivet stabile og gode rammevilkår som gjer at dei kan vekse, og skape fleire arbeidsplassar i det flotte fylket vårt. I dag blir dei som skapar arbeidsplassar og verdiar framstilt som halvkriminelle kjeltringar, dette vil FrP sette ein stoppar for!

Møre og Romsdal er eit fylke som består av eit rikt og variert næringsliv. Dei aller fleste av desse er små- og mellomstore bedrifter som er heilt avhengig av forutsigbare rammevilkår, desse bedriftene er også ein viktig arbeidsplass og støttespelar i sine lokalsamfunn.

FrP vil skape eit samfunn der både næringsliv og innbyggjarar får dei beste moglegheitene til å lykkast. Derfor meiner vi at formueskatten må kuttast, slik at vi kan fortsette å bevare det flotte næringslivet vårt i Norge, og ikkje i Sveits. Dei siste åra har avgiftene nesten tatt knekken på folk flest, derfor må avgiftene på mat og drivstoff senkast, fordi desse avgiftene tek ikkje omsyn til inntektene til folk flest, og gjer det enda vansklegare for dei som allereie har minst frå før.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDet er vel nettopp reduksjon av trafikken i Ålesundstunellane som er saken.Ekspressbusser korresponderer med fergene utan ventetid, begge retninger. Prioritert ...
@Geir Ole SætremyrDu mener det er viktig å unngå økning i trafikken. Da gjelder det vel å unngå den enorme trafikkøkningen i ...
@Terje SundsbøNår det gjeld Møreaksen har vi i våre høyringar gått i rette med SVV sine prognoser der trafikken i eit ...
@Geir Ole SætremyrØkt trafikk er vel et problem også når det skjer på Sunnmøre. Siden vi nå kommenterer en artikkel om Møreaksen, ...
@Terje SundsbøDet tendensiøs er at du linker alt opp mot Møreaksen for å implementere det i vidare tankerekke.Økt trafikk er eit ...
@Geir Ole SætremyrHva mener du når du hevder at mitt spørsmål er tendensiøst - det er jo svært likt det du selv ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse