Annonse
KSU – Vipps – desktop
Victoria Smenes, fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal KrF
Ytring
Victoria Smenes, fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal KrF
27 november 2024 15:54
Del på Facebook
Foto: Pixabay/Pexels
Foto: Pixabay/Pexels
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Tirsdag morgon hadde eg gløymd å skru av lyden på telefonen, så eg fekk med ein gong med meg at eg hadde fått ei tekstmelding.

Det viste seg at den var ifrå banken, noko eg tenkte var overraskande. Men ingen ting var meir overraskande enn kva den faktisk innehald, og etterlot meg både skuffa og lei meg på vegne av dei som mottok denne.

Annonse
Annonse

«Hei! Du har ikke brukt ditt [banknamn] Mastercard på en stund. Husk at du med kredittkort fra [banknamn] får en tryggere handel både på nett og i utlandet, bedre oversikt og mer fleksibilitet i hverdagen. Sjekk nettsidene våre for enda flere fordeler. Trenger du nytt kort, bestiller du det enkelt i nett- eller mobilbanken. Vennlig hilsen [banknamn].»

Er det éin ting vi ikkje treng no føre jul, er det «påminning» om at ein ikkje har handla på kreditt! Dette er overraskande marknadsføring som gjorde meg flau på banken sine vegne.

Kor mange som fekk denne uventa meldinga i går veit eg ikkje, men eg håpar at det ikkje var mange. Vi er inne i ei dyrtid, og det siste folk treng er ei oppmoding ifrå banken om å handle på kreditt, ja i det heile å få ein sms som får det til å høyres ut som at ein får betre oversikt over økonomien av å ta opp kredittkortlån i staden for å betale for ting med ein gong.

Annonse
Annonse

Meldinga fekk det til å framstå som at ein går glipp av det store om ein ikkje nyttar seg av eit kredittkortlån som er innvilga for lenge sidan. Og ikkje ein stad i meldinga stod det noko om kostnaden ved å nytte seg av kredittkortet om ein ikkje kan gjere opp for seg med ein gong.

Eg er ikkje motstandar av kredittkort. Eg forstår at det er fornuftig å nytte seg av ved nokre tilfelle om ein betaler tilbake med ein gong. Og som ein ser så har eg eitt kredittkort som ikkje har blitt nytta på lang tid. Men eg er sterkt kritisk til at banken må «minne» folk på at dei har eitt kredittkort.

Gratulerer til alle som står imot kjøpepresset no i jula, og til dei som motstår freistinga til å handle over evne på kreditt!

Eg håpar at vi får gå inn i ei fredeleg jul saman, og at vi kan sjå kvarandre denne jula. Lat oss ta vare på kvarandre, og ikkje la folk føle at dei må låne pengar for å få feira jul. Julas bodskap om Jesu fødsel handlar ikkje om kjøpepress, men om ei gratis gåve gitt til alle.

Riktig velsigna jul til alle saman.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøNår bompengeproposisjonen eventuelt skal leggast fram fram for Stortinget må grunnlaget vere presist basert på oppdaterte kostnadstall.Så vil nok Stortinget ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår blir det tvingende nødvendig å oppdatere en KS2-rapport fra mars 2023 på grunn av prisendringer?I sammenligning med null-alternativet; når ...
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøEg har sagt at KS2 må oppdaterast for endring av kostnadsnivået i prosjektet der KS2 rapporten frå 2023 er etter ...
Terje Sundsbø 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrMener du for alvor at en KS2-analyse må kvalitetssikres på nytt bare på grunn av prisstigning?
Geir Ole Sætremyr 23 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du er så enfoldig at du trur at der ikkje har vore prisstigning etter 2022 og fram til ein ...
Terje Sundsbø 23 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor lang tid går det før en må oppdatere KS2-analysen datert mars 2023 fordi den er utgått på dato og ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse