Annonse
KSU – Vipps – desktop
Geir Inge Lien og Jenny Klinge, Stortingsrepresentanter, Senterpartiet
Ytring
Geir Inge Lien og Jenny Klinge, Stortingsrepresentanter, Senterpartiet
27 november 2024 17:05
Del på Facebook
Foto: Senterpartiet
Foto: Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Ønskjer du å behalde gode distriktspolitiske tiltak som er innført i denne stortingsperioden av Senterpartiet og Ap, må du merke deg Høgres framlegg til neste års statsbudsjett. Dette er eit frampeik om kva dei vil gjera frå neste haust av dersom dei kjem i regjering igjen.

Høgres opplegg er mellom anna ein trussel for dei som ønskjer å behalde moglegheita til å få sletta 25 000 kroner av studiegjelda årleg. Dette er ei ordning vår regjering innfører frå nyttår av for dei som bur i ein distriktskommune (sentraliseringsklasse 5 og 6) i minst eit år og samtidig er i arbeid, slik at første nedtrekk i gjelda vil skje 1. januar 2026. Lovnaden vår om å kutte 25 000 kroner årleg vil gjelde for det første året med denne gode ordninga, men Høgre kan altså hindre at folk med studielån får meir enn eit år med gjeldssletting på 25 000 kroner.

Vidare vil reduksjonen i barnehageprisane bli reversert med Høgre i regjering. I praksis at prisen for barnehageplass per månad ikkje lenger blir 1500 kroner i 17 av kommunane i fylket vårt og 2000 kroner for resten, slik vi i Senterpartiet og Ap vil vedta før jul. Prisen vil bli 3000 kroner igjen for alle med Høgres opplegg.

For folk og næringsliv i Møre og Romsdal er det i åra som kjem avgjerande at regjering og Storting legg til rette for busetting og tilbakeflytting. Då er det øydeleggande at Høgre vil fjerne konkrete tiltak som vi har stor grunn til å tru at hjelper for å få fleire til å ville bu her framover. Mellom anna er prisauke på drivstoff negativt for både privatpersonar og næringslivet vårt, særleg transportnæringa.

Vi i Senterpartiet ønskjer å redusere formuesskatten på såkalla arbeidande kapital framover. Høgre går gjerne langt i sine lovnader på dette området, men lovnadene deira blir veldig hole og lite imponerande når dei samtidig gjer fordyrande grep som rammar både innbyggarar og næringslivet og såleis også kan gjera det vanskelegare å rekruttere nye arbeidstakarar. Tiltak for å sikre at fleire vil bli buande i fylket, at fleire kjem att og at også nye vil flytte hit, må vi ikkje undervurdere viss vi ønskjer at næringslivet skal få nok rett folk til ledige stillingar og viss vi ønskjer å oppretthalde det offentlege tenestetilbodet. Alt heng jo saman.

Saman med forslag om ei massiv avgiftsauke på kjøtt og mjølk og redusert satsing på landbruket, er dette altså distriktsfiendtleg og sentraliserande politikk frå Høgre. At Høgre truleg må forhandle med Venstre om regjeringsdanning, eit parti som er lite opptekne av distrikta og som stadig kjem med framlegg om endå større avgiftsauker, er også verdt å merke seg for veljarane i eit distriktsfylke som Møre og Romsdal.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 4 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 9 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 10 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 13 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 13 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse