Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve
Ytring
17 oktober 2018 18:24
Del på Facebook
Frank Sve på talerstolen på landsmøte. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Frank Sve på talerstolen på landsmøte. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nordøyvegen og Todalsfjordkryssinga er forsøkt sletta frå plankartet av Fylkesrådmannen her i fylket.

Desse to svært viktige fjordkryssingsprosjekta er i Møre og Romsdal prioritert som nr 1 og 2, og svært mange har gleda seg stort til at desse svært viktige samferdselsprosjekta skulle kome på plass.

No er det slik, at begge desse prosjekta som er topprioritert både på Sunnmøre og i Nordmøre, har som felles grunnlag at dei begge er avhengige av finansieringsmodellen for fjordkryssingar. Her er mykje av forutsetningane blandt anna ferjeavløysing og bruk av underskotsdekning ang ferjedrifta, bruk av ferjebiletten, ekstern finansiering osv.

Vi opplever no eit alvorleg angrep på desse to prosjekta frå fylkesrådmannen, som forsøker å konstruere opp hinsides opphausa problem ikring Nordøyvegen som er nr 1, men som sjølvsagt også vil vere gjeldane for Todalsfjordkryssinga.

Nordøyvegen er vedteke av eit nesten samla fylkesting i fylkestingsvedtak T-78, I vedtak er fylgjande lagt til grunn (sitat frå vedtaket):

  1. 40 års ferjeavløysing og 40 år nedbetaling av lån.
  2. Framtidige moglege rehabiliteringskostnadar skal IKKJE leggjast til grunn i kontanstraumsanalysa for prosjektet.
  3. Nytt busstilbud på Nordøyane skal IKKJE leggjast til grunn.
  4. Fylkestinget legg til grunn langsiktige rentesikring av lån for prosjektet.

Vidare står det at : «Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre bygging av Nordøyvegen med forventa byggestart i 2018, slik det går fram av føresetnadane i Fylkestingsvedtaket i sak T-61/16»

Føresetnadane er gjengjeve over.

Dette er pr i dag det gjeldande vedtaket ang Nordøyvegen, ikkje eit einaste anna vedtak eller behandling er gjennomført ang saka, verken i fylkesting, fylkesutvalg eller samferdselsutvalget. Fylkesordførar har ikkje fått eit einaste komma i eige mandat ang denne saka.
Plannemnda for samferdselsbygging der eg er leiar, har fått i oppdrag til å styre prosjektet og gjennomføre anboda og prosessen ikring dette.

– Eg føler at vi no er fullstendig tilsidesatt av fylkesrådmannen, og fylkesordførar.

Anboda har vore ute, og vi fekk som alle veit ein sprekk på 800 millionar kr i anbodet. Plannemnda for samferdselsbygging (PNS) bestilte i juni 2018, ei rekke punkt som fylkesrådmannen skulle utgreie og avklare med ulike departement. Dette gjelder områder som skal kunne tilføre prosjektet dei manglande 800 millionar kr. Slik det no ser ut er vi langt på veg til å fylle opp dette gapet i anbodet, og vel så det.

Absolutt ingen, har vedteke noko full gjennomgang og eit totalangrep på prosjektet slik fylkesrådmannen no legg opp til. Dette blir no sterkt støtta frå både fylkesordførar og fylkesleiaren i AP, som ikkje har fått med seg kva dei sjølv har vore med å vedteke i fylkestinget.
I staden stoppar fylkesordføraren all debatt ang saka både i fylkestinget i juni, rette etter at overskridinga i anbodet vart kjent, samt i fylkestinget no 16/10. Han ynskjer ingen debatt i fylkestinget ikring dette, men legg altså alt opp i hendene til fylkesrådmannen som åpent får anledning til å rasere Nordøyvegprosjektet og totalt unngå å gjennomføre gjeldande vedtak i fylkestinget.

«Ei overskriding av anbodet på 800 millionar kr, har no plutselig vorte 1,6 milliard ifølge fylkesrådmannen»

At fylkesrådmannen no heilt åpent, får anledning til å bryte gjeldande fylkstingsvedtak i saka, aksepterer vi ikkje i FrP.
Dersom fylkesrådmannen får gjennomslag for å drive "privatpraktiserende " i fylkeskommunen, og faktisk leggje inn prinsipp som fylkestinget har sagt nei til, då er det kun to alternativ som står igjen.

Totalt rådmannsvelde og fylkespolitikarane er sett til sides, eller så må fylkesrådmannen gå og politikarane tar tilbake styringa av eige fylke.

Får fylkesrådmannen ture fram, er Nordøyvegen på Sunnmøre og Todalsfjordkryssinga på Nordmøre totalt skrinlagt. Det same gjelder planlagte prosjekt på Sunnmøre slik som Storfjordsambandet, Rovdefjordbrua, Sande fastlandssamband, og i Romsdalen slik som Langfjordkryssinga og Kjerringsundet.

I prinsippet er det då lagt til grunn heilt håplause prinsipp, som gjer at ein aldri kan byggje noko som helst av større prosjekt her i fylket, verken innan samferdsel, skule eller kulturbygg.
Kva vi då skal drive med i den nye regionen Møre og Romsdal vert meir eller mindre ein gedigen "vits".
Haugevis med byråkratar i Molde, ein tek over meir en 100 årsverk frå Statens vegvesen, der ein kjem til å sete å tvinne tomlane og vere arbeidslause frå dag ein.

Skjer dette, kan Sunnmøre berre begynne å søkje seg til Vestlandet og Bergen, og Nordmøre vil meir enn gjerne gå mot Trøndelag.

Møre og Romsdal FrP har kjempa for å få oppretta Møre og Romsdal som eigen region. Vi har brukt alle våre nettverk inn mot regjeringa for å klare dette, og vi lukkast.

Akkurat i dag, set eg derimot med ein dårleg smak i munnen, og angrar meir eller mindre på dette arbeidet, når eg opplever kva fylkesrådmannen og fylkesordførar er i gang med å sette i system.

«Ryker samferdsel og infrastrukturbygginga her i fylket, så ryker Møre og Romsdal fylke som eigen region».

Frank Sve
Fylkesleiar og Gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 6 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu har I ein tidlegare kommentar uttalt at eg ikkje er forankra I Naturvernforbundet.  Då har eg utfordra deg til ...
Anne Mari Sandshamn 9 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøSå klart Skålavegen er et fergeavløsning! Den erstattet en fergerute, ikke sant?  
Terje Sundsbø 9 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrSpørsmålet var: Jernbane er en av ulike transportløsninger, på samme måte som vei. Da er det vel rimelig at de ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnDet er du som sprer løgner. På samme måte som Vigrasambandet på Sunnmøre, ble Skålavegen/Fannefjordtunnelen i Romsdal privatfinansiert. Etter den ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse