Annonse
Frank Sve
Ytring
Frank Sve
17 oktober 2018 19:56
Del på Facebook
Fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal Frp. Foto: Thomas Rasmus Skaug /  NTB scanpix
Fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal Frp. Foto: Thomas Rasmus Skaug /  NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Er det Konsulentstyrt demokrati som skal styre, der konsulentar med millionvis av kroner i ryggen som skal fastsette «sanninga», og alt anna er useriøst?

Eg høyrer gong etter gong referat frå møter der lobbyistane for Møreaksen reiser rundt og prediker den såkalte «sanninga» der dei til stadig forfekter at det kjem så mykje «useriøst» frå alle andre som har synspunkt ikring kryssing av Romsdalsfjorden.

Sist frå møte med Mørebenken, der dette igjen vert framsett.

Når det kan sjå ut til at det kun er lobbyistar og konsulentar frå Møreaksen med millionar av kr i ryggen, som har «sanninga», ja då er det faktisk eit forsøk på konsulentstyrt demokrati.

At privatpersonar med bakgrunn i eit brennande samfunnsengasjement slik som dei som arbeidar for Romsdalsaksen, til stadig vert forsøkt «tråkka ned» er overhode ikkje bra. Desse privatpersonane burde heller ha skryt for sitt engasjement .

Det forkjemparane for Romsdalsaksen og svært mange andre ynskjer, er ei likeverdig utredning av Romsdalsaksen/flytebruer med Møreaksen.

Sjølve kryssinga av Romsdalsfjorden med Møreaksen er siste tall eg har fått, ca 14,4 milliard kr. Omlag det samme er mine anslag på Romsdalsaksen for sjølve fjordkryssinga. Men, derifrå skiller dei to alternativa definitivt lag.

Møreaksen skal no gå sør om fjorden etter K21 b frå Vik til Skorgedalen og Ørskogfjellet. Billigaste fyrste byggesteg er på omlag 4 milliard kr. Å sette denne trafikken midlertidig frå Vik og gjennom fylkesvegen til Vestnes, kjem sjølvsagt aldri på tale. Dette vert direkte useriøst dersom trafikken over Romsdalsfjorden skulle bli i nærheita av trafikkanslaga. Nord om fjorden må det byggast ny veg frå Julsundet til Molde, med ny tunell bak Molde. Ein slik tunell vil dersom trafikktalla til «superlobbyistane» skulle slå til, måtte byggast som firefelts tunell.

Kva trafikksystemet nord om Møreaksen vil kunne koste til slutt, veit ingen. Det er vell «useriøst» å meine at dette også vil dreie seg om milliardar, ja kanskje mange milliardar. Uansett om dette blir 2–4 eller 10, så spelar det fint liten rolle om Møreaksen totalt havner på 20–30 eller 40 milliard kr, når den en gong inn i framtida skulle verte aktuell å bygge. Dette er uansett fleire titals milliard kr for mykje.

Romsdalsaksen derimot, skal utanom sjølve fjordkryssinga, kun enkelt koble seg på E-39 nord om fjorden og E-136 sør om fjorden, og slett ikkje til milliardvis av kr. At enkelte nektar å sjå dette, er eit teikn på at nokon ikkje ynskjer å sjå «sanninga».

Dagens budsjettsituasjonen i Statsbudsjett, er ivertfall « seriøst» å legge til grunn. Med dagens muligheitsvindu for framtidige løyvingar, ser nok alle at Møre og Romsdal skal slite nok dei neste tiåra, å skaffe budsjettmidler til dei prosjekta som står fremst i køa i Nasjonal Transportplan her i fylket.

Når det er sagt, vi må uansett aldri kome dit hen, at privat engasjement frå «folk flest» vert sabla ned av dyrkjøpte superlobbyistar og konsulentar med millionar av kr i ryggen. Dette seier meg at vi skal alle vere glade for debatten som i dag er her i fylket ang kryssing av Romsdalsfjorden og framtidig E-39.

Såleis bør dei som forsøker å fronte «sanninga» i debatten ang kryssing av Romsdalsfjorden, snarast råd presse på for at vi faktisk får fasiten ang flytebru alternativet.

– Det er kun ei fullverdig og likeverdig utredning av Romsdalsaksen og flytebru som alternativ, som kan gje denne fasiten.

Til slutt vil eg igjen slå fast at Møre og Romsdal Frp fortsatt står fast på at vi ynskjer Romsdalsaksen og flytebrualternativet også på Møreaksen skikkelig og likeverdig utreda over Romsdalsfjorden. Dette må gjennomførast i tråd med rullering av dagens NTP. Pr i dag stå Møreaksen fast i NTP, og Frp har ikkje teke standpunkt til noko anna. Dagens NTP skal rullerast i 2021 og 2025.

Slik vi ser verkeligheita ang framtidig budsjettsituasjon i framtidige statsbudsjett, så har vi meir en nok tid på oss til å «ta ein fot i bakken» og faktisk utrede det vi måtte ha behov for ang kryssing av Romsdalsfjorden.

Bompengenivået som også begynner å bli svært belastande i heile landet, vert også ein meget viktig faktor vi må ha med oss i vidare drøfting av ulike alternativ til samferdselsbygging i framtida.
Vi kan ikkje kneble vårt viktige næringsfylke, med ukritisk innføring av haugevis med bompengar.

Frank Sve
Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse