Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
16 januar 2019 10:40
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er tydelig å lese kva leiaren i regionsrådet i Romsdal, Torgeir Dahl har som « fasit» på utfordringa ang sjukehusa og helsetilbodet her i fylket.

Etter møter med Helse midt, uttalte Dahl fylgjande:

«Mye skulle vært endret for lengst når det gjelder struktur, både i Romsdal og på Nordmøre, men også på Sunnmøre»

Og då er «tusenkronersspørsmålet»,

– betyr dette frå Høgre, at den økonomiske situasjonen i helseforetaket her i fylket, skal løysast gjennom strukturendringar?

Kva strukturendringar ser Høgre og Dahl for seg på Sunnmøre, i Romsdal eller på Nordmøre slik han beskriver?

– Er det kraftige kutt i tjenesteproduksjonen?

– Endring av sjukehusstruktur, og i så fall, ynskjer Høgre å sette sjukehusa i Volda og Ålesund i spel?

«Eg berre stiller spørsmålet, og spørsmålet er verkeleg betimelig når Dahl direkte i SMP den 16/1, seier at Volda sjukehus skal leggjast ned»

Mykje tyder fortsatt på at Møre og Romsdal får berre ein brøkdel av det vi behøver for å kunne drive sjukehusa her i fylket, på ein god og forsvarleg måte.

Om det er Trønderane som reiser med pengane, eller om det er for lite løyvingar inn mot Helse Midt frå regjeringa, er egentlig ikkje det viktigaste.

Det viktigaste er at vi alle erkjenner at dagens finansieringsmodell ikkje fungerar, noko både Høgre og AP må erkjenne.

I verdas rikaste land, kan vi ikkje akseptere at innbyggjarane her i fylket ikkje får eit godt og tilrettelagt sjukehustilbod.

Møtet med Helse midt som dei tre regionrådslederane fekk, var meir eller mindre ein vits.

Svaret var tydelig og klart, lenge før møtet.

Godt planlagt, for å forsøke å stoppe debatten om finansieringsmodellen, som blant anna Høgre så sterkt forsvarar.
Og, dersom Torgeir Dahl sin plan var å sørge for å få lagt ned enda eit sjukehus her i fylket, denne gongen på Sunnmøre, så var planen verkelig kreativ.

– forsøke å spele ut resten av det politiske miljøet her i fylket, reise til helse midt, få møte, reise heim og berre be Møre og Romsdal godta den økonomiske situasjonen.

Og, «slutte og tyte om Trønderane»
– kutte i veg i vårt eige sjukehustilbod.

Gratulerer Torgeir Dahl, fantastisk flott jobb!
Dersom målet ditt er å kutte i sjukehusstrukturen på Sunnmøre, og flytte tilbod over til « ditt rike».

At leiaren i Sunnmøre regionråd , Jan Ove Tryggestad ikkje har forstått at han rett og slett er lurt opp i stry, er berre fantastisk.

Vegen vidare må vere at vi overhode ikkje akseptere kutt eller strukturendringar i våre sjukehustilbod eller nedlegging av anna tilbod.

Finansieringsmodellen må endrast, og helseføretaksmodellen fjernast snarast råd.
Tanken om kommersiell drift av sjukehusa fungerer overhode ikkje, dermed må staten ta det fulle og heile ansvaret for drifta av sjukehusa, og fjerne det topptunge byråkratiet i helseføretaka.

Det er også aldeles vanvittig at det skal vere innsparing i helseføretaket, som skal danne grunnlaget for finansiering av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Utbygginga av dette sjukehuset må dekkjast 100% av statsbygg/staten og skal overhode ikkje gjennomførast med driftsmidlar.

Kva anna sektor har eit slikt regime?

Har nokon til dømes høyrt om at til dømes utbygginga av E-136 Romsdalen eller E-39 Betna-Stormyra skal finansierast gjennom kutt i driftsutgiftene for riksvegane og ferjene her i fylket?
Nei, selvfølgelig ikkje.

Desse forholda her må ryddast opp i, og Regjering og Stortinget må sørge for at økonomien til drifta av sjukehusa her i fylket, er på eit likeverdig nivå som i resten av landet.

«Vi kan ikkje sete stille å sjå på lenger, at personar som gjerne vil bruke 37 milliard kr på Møreaksen, samtidig ynskjer å filleriste helsefylket Møre og Romsdal, med kutt, strukturendringar og sjukehusnedleggingar»

Sjukehusa og helsetjeneste er faktisk det viktigaste for folk flest her i fylket, derfor aksepterar ikkje Møre og Romsdal FrP ei rasering av desse tjenestene.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 17 timer siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse